Slik kan ein hindre istrøbbel på fly og dronar
Isdanning på propellblad eller flyvenger kan føre til store problem. No har forskarar funne ei miljøvennleg løysing på fjerning av is.
I dag blir is som regel fjerna ved hjelp av elektrisk oppvarming. Enten med permanente varmesystem i rotorblada eller med mellombels påføring av kjemiske avisingsmiddel. Utfordringa er at desse metodane ikkje gir tilstrekkeleg vern mot at ny isdanning. Dermed må ein gjenta prosessen fleire gonger, nok som gir høge vedlikehaldskostnadar.
Avgrensa flytid, auka kostnadar og risiko for tryggleik og omgjevnadar er berre nokre av problema isdanning på vindturbinar og fly kan føre til.
Difor har forskarar i Sintef utvikla eit nytt materiale som gjer fjerning av is både meir effektivt og billigare, utan å skade miljøet, skriv Gemini.no.
Sintef-løysing er eit belegg som er basert på ein type polymer-materiale, polyuretan, og kan sprøytast eller penslast direkte på overflatene, slik at dei får is-fråstøytande eigenskapar og bremsar isdanning.
Materialet til Sintef skal vere miljøvennleg og er laga på ein slik måte at dei enkelt kan bli tatt i bruk i stor skala i industrien.
(NPK)