Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Ventar betydeleg reduksjon i mjølkekvotane neste år

Leveransane av mjølk frå norske bønder har vore noko mindre enn venta i sommar. Etterspørselen har også gått ned.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Nationen,
som viser til tal frå Norsk melkeråvare i Tine.

Sjølv om norske meieri i august tok imot nær 4,3 millionar liter (3,6 prosent) meir kumjølk enn i same månad i fjor, var det likevel rundt 0,34 millionar liter mindre enn Tine hadde lagt til grunn i sin eigen prognose. Tendensen har vore den same også tidlegare i sommar.

Ifølgje Nationen kan tendensen ha starta etter at Tine varsla at mjølkekvotane truleg må reduserast neste år og bad bøndene starte tilpassinga alt i år.

Det ligg an til å bli eit betydeleg overskot av mjølk i 2025. Bøndene må rekne med å få betydeleg reduksjon i kvotane for 2026, seier leiaren i Norsk melkeråvare til avisa.

(NPK)

Powered by Labrador CMS