Forskarar meiner høgare utdanning må tilpasse seg KI. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Forskarar meiner høgare utdanning må tilpasse seg KI.

Forskarar meiner universiteta heng etter KI-utviklinga

Fleire forskarar meiner at høgare utdanning i Noreg ikkje held tritt med utviklinga av kunstig intelligens.

Publisert Sist oppdatert

Morten Breivik, førsteamanuensis ved NTNU, meiner universiteta er for gammaldagse.

– Måten vi gjennomfører studia våre på er eigentleg laga for 1900-talet, seier Breivik til NRK.

Han argumenterer for at utdanninga må bli meir praktisk og kreativ, sidan studentane no har tilgang til enorme mengder kunnskap gjennom KI-verktøy.

– Når KI no samlar summen av menneskeleg kunnskap i eitt tilgjengeleg digitalt verktøy, blir den gamle måten å undervise på fort utdatert. For studentane har i praksis professoren i lomma – eller Einstein i kjellaren.

Bernt Arild Bremdal, professor ved UiT, er ein av dei første som tok doktorgrad i kunstig intelligens i Noreg. Han er samd i at det trengst endringar innan høgare utdanning, men understrekar at universiteta framleis spelar ei viktig rolle i å gi grunnleggjande kunnskap og djupnelæring. Han meiner utfordringane ikkje berre handlar om KI, men òg om digitalisering og endra måtar å sosialisere på.

– For å diskutere og tolke informasjon og setje den i samanheng med grunnleggjande konsept, som matematikk, er universitet det rette staden, seier Bremdal til NRK.

(NPK)

Powered by Labrador CMS