Både matbutikk-kjedene og leverandørane auka lønnsemda i fjor, ifølgje ny analyse. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Både matbutikk-kjedene og leverandørane auka lønnsemda i fjor, ifølgje ny analyse.

Matprisane stig – overskotet aukar

Driftsoverskotet i daglegvarebransjen auka med 17 prosent i fjor og nærmar seg rekordnivået frå pandemien, viser ein ny analyse.

Publisert Sist oppdatert

– Når omsetninga aukar, så blir det meir lønnsamt, seier Martin Klafstad, som er partnar i Emendor, til Dagens Næringsliv.

Både kjedene og daglegvareleverandørane auka lønnsemda i fjor, ifølgje ein analyse frå konsulentselskapet. Driftsoverskotet i bransjen auka med 17 prosent.

Det samla driftsresultatet var på 23,5 milliardar kroner i fjor, ikkje langt bak gullåret 2020 då norsk daglegvare hadde eit historisk driftsoverskot på 24,8 milliardar.

Prisauken på mat og drikke var 5,2 prosent i fjor, ifølgje konsumprisindeksen. Denne prisauken er hovudgrunnen til at omsetninga i bransjen steig med 4,9 prosent.

– Dei fem store Norgesgruppen, Rema 1000, Coop, Tine og Orkla aukar sin del av samla omsetning og driftsresultat, seier Klafstad.

(NPK)

Powered by Labrador CMS