Noregspris har lønt seg i Sør-Noreg – tapsprosjekt i Nord-Noreg
Ei oversikt Nationen har utarbeidd etter ein månad med noregspris på straum, viser at Sør-Noreg kjem godt frå det, mens i Nord-Noreg har det ikkje lønt seg.
På Vestlandet og Sørlandet har straumprisane vore over noregspris på 50 øre i gjennomsnitt 27 av 31 dagar i oktober, mens på Austlandet har prisen vore høgare enn noregspris 25 dagar, skriv Nationen.
I Midt-Noreg har det derimot vore lite lønnsamt, med prisar lågare enn noregspris 23 av 31 dagar, mens i Nord-Noreg har noregspris så langt vore eit tapsprosjekt alle 31 dagar, og prisane har ikkje nokon av dagane bevega seg i nærleiken av 50 øre. I Nord-Noreg betaler ein heller ikkje moms på straumen.
– Vi vil få svingingar over enkeltdagar. Men når det er 4 av 30 dagar som har hatt raude tal, og resten er grøne, så er det ein god deal. Og vi har endå ikkje komme til vinteren endå, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue til avisa.
Over ein million straummålarar er tilknytt noregspris, fordelt på 906.960 hushald og 167.848 fritidsbustadar. Sørlandet har høgast del, med 56 prosent av hushalda som har bestilt så langt.
Energiminister Terje Aasland (Ap) er fornøgd med ordninga og peikar på at ho er godt mottatt der straumprisane har vore høgast.
Regjeringa har varsla at prisen på noregspris vil endrast frå 1. januar 2027, og analytikarar trur det vil bli ein auke.
(NPK)