Tal frå Norsk Tipping viser at unge menn er i toppen av statistikken for kasinospel i Noreg. Illustrasjonsfoto: Erlend Aas / NTB / NPK
Tal frå Norsk Tipping viser at unge menn er i toppen av statistikken for kasinospel i Noreg.

Unge menn med rekordtal for pengespel

Unge menn mellom 18 og 25 år speler tre gonger så mykje kasinospel som resten av befolkninga, og det vekkjer bekymring hos spelstyresmaktene.

Publisert Sist oppdatert

Meir enn 2,5 millionar nordmenn over 18 år speler pengespel på nett og mobil, ifølgje Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det utgjer meir enn halvparten av den vaksne befolkninga. NRK
viser til tal frå Norsk Tipping.

– Dei unge speler meir kasinospel enn nokon gong tidlegare. Veksten har vore ekstremt stor, seier Bjørn Helge Hoffmann, leiar for ansvarleg spel i Norsk Tipping.

Ein av fem menn i alderen 18 til 25 år er definerte som risiko- og problemspelarar. Kasinospel er den mest avhengnadsskapande forma for pengespel.

– Får du ein person spelavhengig tidleg, har du ein kunde du kan mjølke for livet, seier Magnus Pedersen i Spillavhengighet Norge.

Som reaksjon har Norsk Tipping innført låge tapsgrenser for dei under 25 år. 18- og 19-åringar kan maksimalt tape 2000 kroner i månaden.

– Dette er ikkje noko vi tek lett på, seier spesialrådgivar Jonny Engebø i Lotteri- og stiftelsestilsynet, ifølgje NRK.

(NPK)

Powered by Labrador CMS