I dag finst det over tre millionar eldstadar i norske hus og hytter og ein av fem nordmenn har vedfyring som si primære oppvarmingskjelde.
FOTO: Carl Martin Nordby / NTB / NPK
Forskar: – Vi treng fleire eldstadar som beredskap
– Styresmaktene våre bør også sette krav om at det blir installert eldstadar i alle nye bygg som er utstyrte med pipe. Noko anna er dårleg beredskap, seier SINTEF-forskar Øyvind Skreiberg til Gemini.no.
Han peikar på at å ha høve til å halde varmen er ein viktig del av beredskapsbildet og set spørsmålsteikn ved kva som vil skje om terror eller krig rammar energiinfrastrukturen vår
– Hus med redusert oppvarmingsbehov er den nye standarden. Det er sjølvsagt vel og bra for å spare energi og lommebok. Men sett i lys av beredskap treng vi også vedomnen, og pipa – og eit lager med tørr ved, seier Skreiberg.