Gardbrukar Jostein Halvorsen i Vikebygd er ein av årets SølvTine-vinnerar.
Foto: Arkiv/Jon Edvardsen
Heidra med sølvtine
Jostein Halvorsen tok i mot prisen under ei høgtideleg markering på Lillestrøm.
— Det er kjekt å ha fått Sølvtina. Det representerer mange år med mjølking utan feil. Og det var eit flott arrangement å vere med på. Det var ein fin middag, og mange kjekke bønder å treffe på, seier Halvorsen til Grannar.
TINE sin styreleiar, Rolf Øyvind Thune, roste prisvinnerane i si helsing.