Krisesenter får ikkje Husbanken-tilskot
— Når ein byggjer sjukeheimsenger, får ein investeringstilskot frå Husbanken. Når det gjeld bygg som krisesenter – som også er ei lovpålagt oppgåve – gjeld ikkje støtteordninga. Det betyr at éi gruppe fell utanfor og ikkje får det dei treng, sidan det er kostbart å byggje, seier Høgre-politikar og ordførar i Tysvær, Monika Lindanger.
Ho peiker på at det ikkje er vanleg å byggje krisesenter.
— I dette tilfellet er vi 16 kommunar som har gått saman om å byggje eitt krisesenter til 120 millionar kroner. I utgangspunktet byrja prislappen på 80 millionar, men steig til 180 millionar, og no skal det ha ein kostnad på 120 millionar kroner. Det heng saman med den økonomiske situasjonen til kommunane og det ein står i. Det må sparast der det kan, men ein må ha eit krisesenter.
Både Etne og Vindafjord har politiske vedtak om å vere med på prosjektet:
Likestilt
Høgre-politikaren meiner krisesenter bør likestillast med andre lovpålagde bygg – sett i lys av tilskotsordninga.
— Eg har teke det opp med stortingspolitikarar som har tatt det med til Stortinget. Det er veldig mange som ikkje er klar over mangelen på ei slik ordning, så me prøver å finne ut kvifor det ikkje inngår. I statsbudsjettet er det no lagt inn rundt 20 millionar kroner til oppussing eller rehabilitering av krisesenter i landet. Den summen rekk ikkje langt.
På same måte som sjukeheimar og omsorgsbustader, har krisesenter også senger. Brukarane ved sistnemnde tilbod har ofte også behov for overnatting, peiker Lindanger på.
— På sjukeheim får vi dekt om lag 40 prosent av investeringssummen. Så for Helsekvartalet utgjer det om lag 380 millionar kroner. Det er ein betydelig sum. Får vi gjennomslag med investeringstilskot, vil det gjelde for heile landet, og då vil det kunne gi oppgraderte krisesenter med den tryggleiken som trengs. Det er ei gruppe menneske som blir litt gløymd og verkeleg treng trygge lokale å vere i.
— Trur du det er realistisk at ein får innvilga investeringstilskotet i tide for dette aktuelle krisesenteret i Aksdal?
— Det tek nok litt tid, men då kan ein håpe på ein form for tilbakeverkande kraft slik at det er mogleg å få noko tilbakebetalt.
Sendt spørsmål
Politikar Gunn-Marit Lygre (KrF) omtaler det nye interkommunale krisesenteret som eit stort løft. Ho reagerer på at krisesenter fell utanfor finansieringsordninga og kopla på stortingsrepresentant Jonas Andersen Sayed i eige parti – som sendte inn skriftleg spørsmål til kommunal- og distriktsministeren.
— Dei som les nyheitene veit kor krevjande det er for kommunane med både investeringar og drift, og derfor har kommunane sagt at ein må redusere kostnadene i samband med det nye krisesenteret som skal byggjast. Det medfører at ein må ta bort noko, som i dette tilfellet gjeld skjerma område og ei leilegheit. Det er synd, for det rammar gjerne menneske som har særleg behov for skjerma område og vern, seier Lygre.
Sayed tok saka vidare til Stortinget og sende spørsmålet inn måndag:
Vil statsråden ta initiativ til å inkludere krisesenterbygg i Husbankens tilskotsordningar?» spør han, med grunngjeving i at krisesenter er eit lovpålagt kommunalt døgntilbod. Tilbodet krev bygg av høg kvalitet, tilpassa ulike brukargrupper og med gode arbeidsforhold for tilsette. Sayed ber statsråden greie ut kvifor krisesenterbygg er utelate frå ordninga, og om det vil bli vurdert endring i forskrifta.
– Trur du ei slik ordning rekk å kome på plass i tide for krisesenteret i Aksdal?
– Eg skal vere varsam med for store forhåpningar, for den politiske kverna malar sakte. Men det skal ikkje stå uprøvd. Og om det så skulle vere, kan det vere til nytte for andre, seier Lygre.