Mathias Granberg tar over roret i familebedrifta Granberg AS. Far hans Ole Marthon Granberg takkar av som leiar og flyttar til Sveits neste veke. — Det kjennes veldig spesielt etter å ha gått å tråkka her sidan 1964, seier Ole Marthon.
FOTO: Ann Margit Grønstad
Mathias (31) tar over familebedrifta – faren flyttar til Sveits: — Ein ny epoke
— Det er ei stor hending at eg faktisk klarar å gi frå meg leiinga til Mathias, eldste sonen min. Det er veldig spesielt for meg. Samtidig kan eg kanskje roe ned litt, seier Ole Marthon.
Han skildrar eit arbeidsliv prega av høgt tempo og store endringar sidan han sjølv byrja i bedrifta i 1984.
— Det har vore mykje jobbing. Kanskje er det på tide å gi stafettpinnen vidare, seier han.