Reiste tilbake i tid – utan å forlata klasserommet
Sjuandeklassingane på Enge skule har reist 200 år tilbake i tid. Gjennom skodespel, plakatar og forteljingar har dei markert utvandrarjubileet – 200 år sidan dei første nordmennene drog til Amerika.
Ein familie står samla og diskuterer om dei skal forlata alt dei eig og legga ut på reisa over havet. I skodespelet til sjuandeklassingane på Enge skule blir den store avgjerda om å dra til Amerika skildra med både kjensler og alvor – slik mange familiar måtte oppleva det for 200 år sidan. Denne veka har heile skulen vore prega av historia om dei første norske utvandrarane til Amerika. I samband med 200-årsjubileet for utvandringa har alle dei 433 elevane frå 1. til 10. klasse hatt prosjektarbeid med utvandrarjubileet.
— Elevane har jobba både i klassane sine og i grupper på tvers av trinna med stasjonsarbeid, kan Ingunn Merete Steinstø opplysa. Ho er avdelingsleiar ved Enge skule.
Steinstø legg til at elevane har spikka, skrive brev heim frå Amerika, kledd seg ut, hatt gamle songleikar, lært seg dansar frå 1800-talet, og det har vore laga både teater og skodespel. Dei har hatt forteljarstunder på Sæbøtunet, og elevane har også fått prøva seg på matrettar frå den tida.
Skodespel med valets kvalar