Robin Michael Gordon (38) frå Skånevik overtok som dagleg leiar for Herjer MMA i Haugesund for eit år sidan.
FOTO: Ann Margit Grønstad
Skåneviksbuen som driv kampsportklubben vidare
Robin Michael Gordon står no i spissen for Herjer MMA i Haugesund – Haugalandets einaste senter som kombinerer kampsport og functional fitness.
Skåneviksbuen Robin Michael Gordon brenn for å hjelpa ungdom og vanskelegstilte. Som dagleg leiar på Herjer MMA i Haugesund ser han kor mykje trening og fellesskap betyr for mange.
— Det er ein veldig bra plass for ungdom og vaksne å koma til, det er eit utruleg fint miljø og fellesskap her. Av og til svinger eg innom ein laurdagskveld og ser at matta er full i ungdommar, det er jo kjempebra, seier han.
Herjer MMA er Haugalandets einaste senter som kombinerer kampsport og functional fitness. Senteret legg vekt på fellesskap, mangfald og meistring, og ønskjer å gi eit treningsmiljø der alle kan kjenna seg velkomne – uansett alder, erfaring eller bakgrunn.