Fretex blir skulda for å selja bruktklede til om lag same pris som butikkjedene. Men alt er dyrare, også for Fretex.
Foto: Tore Meek / NTB / NPK
Det blir dyrare å handla brukte klede
Det blir produsert mykje klede på verdsbasis. Ringverknadene kan ein merka i mellom anna brukte klede på Fretex.
Prisen på bruktklede har vore debattema den siste tida. Bruktkjeder som Fretex blir skulda for å selja brukte klede til same pris som nye, skriv NRK.
– Prisane våre endrar seg i takt med det som skjer i samfunnet generelt på grunn av auka drifts- og lønskostnader. Som andre aktørar er me avhengige av å dekka kostnadene våre for å vera lønsame, slik at me skal kunna halda fram med drifta, seier kjedeleiar Hilde Kjønstad i Fretex.
Ho seier at kvart plagg er nøye vurdert og prisa utifrå tilstand, material, etterspurnad og gjenbruksverdi.
– Driftskostnadene inneber vedlikehald av 3500 innsamlingsboksar, transport, husleige, straum, og løn til våre 300 tilsette, utdjupar ho til kanalen.
Professor i klede og berekraft Ingun Grimstad Klepp ved Oslomet trur reaksjonane på Fretex kjem på grunn av at me har blitt vane med kunstig låge prisar på klede. Ho seier at dei låge prisane til butikkjedene, eller såkalla fast fashion», er ei stor samfunnsutfordring.
– For mykje klede blir produsert, importert og selt billig, seier ho.
(NPK)