Fem millionar digitale nabovarsel har spart 1,5 milliardar porto-kroner
Direktoratet for byggkvalitet har levert fem millionar digitale nabovarsel sidan ordninga starta i 2018, ifølgje ei pressemelding. Berre i porto har utbyggjarane spart 1,5 milliardar kroner på dette.
Digitale nabovarsel er ein del av Fellestjenester BYGG, som er den digitale regelverksplattforma til direktoratet. I fjor vart nær 70 prosent av byggesøknadene frå profesjonelle aktørar sende inn via denne plattforma.
Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2026 auke løyvinga til DiBK med 30 millionar kroner for å setje endå meir fart i forenklingsarbeidet. Pengane skal brukast til å digitalisere og automatisere plan- og byggjesaksprosessane.
Annonse
(NPK)