Krigshelten Gunnar Sønsteby avduka statuen av Max Manus på Akershus festning sommaren 2011. Statuen er laga av kunstnaren Per Ung.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Omstridd Max Manus-statue i Oslo skal flyttast
Det ligg an til at statuen av krigshelten Max Manus skal flyttast frå Akershus festning, der han har stått sidan 2011.
Både Oslo kommune og Akershus festning meiner at plasseringa av statuen inne på Akershus festning, på Gyldenløves bastion, er lite tenleg, skriv Forsvarets forum.
Avdelingssjef Christopher Carlsen i Forsvarets fellestenester seier at det ikkje skal stå statuar av enkeltpersonar inne på festningsområdet. Han legg vekt på at ei ny plassering av statuen må vere godt synleg for publikum og historisk riktig plassert.