Slutt med sutringa

Vikingklubben på Karmøy og me som var på Vikingarden på Avaldsnes saman med ordføraren i […]

Vikingklubben på Karmøy og me som var på Vikingarden på Avaldsnes saman med ordføraren i Etne i sumar, var bedne inn til Etne sist fredag. Ordførar Amund Enge let ikkje høvet til å styrkja banda mellom ytre og indre Haugaland gå frå seg, og eg vil takka han for at me fekk ta del i denne hendinga.
Vikingar let seg ikkje skræma av litt regn, så me fekk ein fin kulturoppleving både på kaien og i lavvoen. Det er ei oppleving å sjå vikingskipet bli rodd inn, og gjennom spelet på kaien blei minnet om Erling Skakke heidra. Ikkje alle kjenner soga om han like godt.
Før nokon fekk smaka på den nye cognacen, gav Erling Skakke sin franske ætling ein glitrande og sjarmerande påminning om at to tredelar av gleda ved god cognac er å nyta duften vel og lenge før ein smakar på det som er i glaset.
Lat att auga, opna nasebora og lat dei mange duftene som er blanda inn i cognacen henta fram minne om stader du har vore, blomar du har gledd deg over og gode smaksopplevingar du minnest frå før. Me fekk ei innføring i korleis møtet med god alkohol skal verta ei kulturell oppleving, ikkje ein fyllefest etter norsk heimebrentstradisjon. «Drikk lite, men godt», det var bodskapen som festa seg i minnet. Eg har vondt for å tru at nokon kunne ta skade av dette, tvert om.
Var dette ulovleg reklame? Det kan eg ikkje tenkja meg, all den tid varen ikkje var til sals ut over ei ganske lita smaksprøve som truleg vart seld til sjølvkost. Når cognacen kjem i hyllene på polet, det veit ikkje eg, den var der i alle fall ikkje sist fredag.
Bruken av alkohol har alltid vore omstridt på våre kantar av landet. For dei som ergrar seg over at namnet til Erling Skakke skal knytast til alkohol, kan eg minna om at han er i godt selskap. Sjølv om eg ikkje fann Erling Skakke i polhylla på fredag, så fann eg Thor Heyerdal, Roald Amundsen og Fridtjov Nansen. Når ikkje deira ettermæle vert skjemd av at namnet marknadsfører cognac, så tenkjer eg Etne og Erling Skakke vil tola det like bra. Slutt med sutringa, gled dykk saman over at de har ein dugande ordførar som Amund Enge og ein profesjonell marknadsførar som Erling Skakke sin franske ætling.
Eg ynskjer dykk hell og lykke med marknadsføringa av både Etne og Erling Skakke.

Inger Stolt-Nielsen