Aksjer

Tilbod om tilbakekjøp av aksjar

Årsmøtet i Grannar AS har gjort vedtak som gir fullmakt til styret om å kjøpa tilbake aksjar frå aksjeeigarane. I Grannar er det i dag 836 aksjeeigarar. 48% av desse har ein aksje, 22% har to aksjar. Kvart år er det personer eller organisasjonar som tek kontakt med administrasjonen for å selja aksjar dei har fått, til dømes i samband med arveoppgjer. Samtidig har det vore vanskeleg å få seld aksjar, og det har vore liten eller ingen interesse.

No tilbyr styret tilbakekjøp av inntil 5 aksjar frå kvar aksjeeigar for ein pris av 800 kr/aksje.
Meldinga må leverast inn innan 15. november 2023.

Her kan du lasta ned heile dokumentet med skjema