Om Oss

Fakta om Grannar

Grannar er lokalavisa for Etne kommune i Hordaland og Vindafjord kommune i Rogaland. Grannar kjem ut to gonger i veka, måndag og torsdag, med eit snitt på 24,4 sider per utgåve og rundt
94 utgåver årleg.

Grannar hadde i 2021 eit godkjent opplag på 3.520 eksemplar.
Primærområdet har ca 4.950 husstandar, og marknadsundersøkingar viser at ca 80% av husstandane les Grannar fast. Ca 1/5 av abonnentane bur utafor Etne og Vindafjord.

Grannar har 9 fast tilsette. Det blir utført om lag 8 årsverk i bedrifta.
Grannar produserer heile avisa sjølv og avisa blir trykt i Bladet Sunnhordlands trykkeri på Stord.

Avisa blir distribuert av Edda Distribusjon og Posten.
Avisa blei starta i 1973 (tidl. to aviser; Grannar og Vindafjordingen).
Grannar er partipolitisk ubunden og blir eigd av om lag 800 lokale aksjonærar.
Grannar har eit styre på fem personar med Øyvind Valen, Vikebygd som styreformann.
Dagleg leiar er Arve Skogen og ansvarleg redaktør er Arne Frøkedal.