Elling Hetland skal sjå til at nynorsken ikkje blir lidande i samband med kommunereforma. FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Styreleiar Elling Hetland i HBR seier han har tillit til brannsjef Dag Botnen som skal presentere ein handlingsplan i september. Arkivfoto

No vert han nynorsk-vaktar

Tidlegare Etne-rådmann Elling Hetland skal passe på nynorsken i samband med kommunereforma.

Tidlegare Etne-rådmann Elling Hetland er engasjert av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) for å passe på nynorsken i arbeidet med kommunereforma.

Regjeringa har gitt LNK i oppgåve å gi råd til kommunane om korleis nynorsk kan styrkast i kommunar både med og utan nynorsk som målform.

– Eg skal følgje med på kva som skjer rundt kommunesamanslåing i dei områda der ulike samanslåingsalternativ kan påverka den språklege situasjonen, eller få konsekvensar for nynorsken framover. Det vil vera spesielt i område der det er bokmålskommunar og språknøytrale kommunar som utgreier samanslåing med nynorskkommunar, seier Hetland i ei pressemelding.

— Viktig

Hetland meiner det er viktig å ha med seg språkproblematikken inn i utgreiingane av samanslåing og ha eit medvite forhold til nynorsken, når det i løpet av våren 2016 skal takast avgjerder. Arbeidet hans skal også leggja grunnlag for å gjere LNK til ein aktiv aktør og rådgivar inn mot dette arbeidet.

Han meiner det er viktig å ha eit medvite forhold til språk.

– Det må på dagsorden og det må gjerne lagast planar for korleis språket skal takast vare på og styrkast i den nye kommunestrukturen framover. Språket er under press frå mange hald i dag, ikkje berre som følgje av kommunereforma. Blir det ikkje sett på dagsorden, tatt omsyn til og tatt med inn i drøftingane, på same vis som resten av identiteten og kulturen i samband med utgreiingsarbeidet, blir lett dei viktige språklege tilhøva gløymde, seier han.

Har oppretta aksjeselskap

Elling Hetland, som er busett på Bjoa, har jobba i Etne kommune i nær 20 år. Elleve år som rådmann. I samband med at han gjekk av med pensjon tidlegare i år har han oppretta eit nytt aksjeselskap, Elling Hetland AS.

Selskapet var éin av ni som leverte tilbod då Etne kommune la oppdraget om å utgreie null-alternativet i kommunereforma ut på anbod nyleg. Asplan Viak AS vann anbodet og skal ifølgje økonomileiar Vegard Bang i Etne kommune gjere jobben for om lag 200.000 kroner.