Ingrid Lunde får styrka kapital til Volleyballskule-prosjektet sitt av Spirafondet, som blir utdelt av Etne Sparebank.
FOTO: LARS K. AALGAARD
Ingrid Lunde får styrka kapital til Volleyballskule-prosjektet sitt av Spirafondet, som blir utdelt av Etne Sparebank. FOTO: LARS K. AALGAARD

Nådde kvartfinale i Romania

Ingrid Lunde og makker Oda Ulveseth vart nummer seks i ei Europa Tour-turnering i Romania. Det er det beste dei har klart saman hittil.

Ingrid Lunde (24) frå Ølensvåg og makker Oda Ulveseth byrjar allereie å få samspelet til å sitte. Under Europa Tour-turneringa i Romania denne veka spela dei seg fram til kvartfinalen, etter to strake sigrar i dei innleiande rundane.

Men i kvartfinalen fredag måtte dei gje tapt for eit klart betre latvisk lag som vann kampen 2-0 (21-16, 21-12).

Dermed ble det plasseringskamp om 5. plassen mot et polsk lag. Også der vart det tap. Dei vann første sett 21-15, men med tap 21-16 og 15-11 i dei to neste måtte dei ta til takke med sjetteplassen.

— Me er nøgde med karrierebeste saman, skriv dei på si Facebook-side.

Lunde og Ulveseth, som kjem frå Røa i Oslo,  satsar saman og har Tokyo OL i 2020 som sitt store mål.

Men allereie onsdag ventar nye utfordringar for duoen, då startar Student-VM i Estland.