100 årsjubilant i Vikebygd

For over hundre år sidan byrja tanken om å få bygd eit bedehus i Vikebygd. […]

For over hundre år sidan byrja tanken om å få bygd eit bedehus i Vikebygd. Det var ei jenteforeining i bygda som tok særleg ansvar for at denne ideèn skulle bli gjennomført. Ein annan dei fekk med seg på tanken var Hans P. Dommarsnes, som opphavleg kom frå Hardanger, men hadde flytta til Vikebygd, og Dommarsnes, der av også namnet. Han vart ein kristen i godt vaksen alder, og var som ein åndshøvding i bygda på den tida og vart ein pionèr i arbeidet med å få bygd bedehuset.
I protokollen for stiftinga kan ein bl.a. lese at det var 12 menn som gjekk saman om å låne ut hundre kroner kvar for å kome i gang med bygging av bedehus i Vikebygd. For å få finansiert resten av bygget, var håpet at det ville komme meir penger til frå både private og lag. Dermed vart bygginga sett i gang, og 3. november 1905 kunne pastor Ris innvie Betlehem. Det vart det vedteke fleire statuttar, men hovudformålet var at huset skulle «Tjena til oppbygging og forkynning av Guds ord».

Variert aktivitet
Aktiviteten på Betlehem har svinga opp og ned i periodar. I den mest aktive perioden, før og rundt krigen, var det gjerne møte på søndagen klokka 13, søndagsskule kl 16, mens ein avslutta kvelden med eit nytt møte. Andre tider har aktiviteten vore mindre, og ein periode var det vanskeleg å få nok folk til å stille til eit styre. Nå vert det arrangert jamlege med møte og andre tilstellingar, i tillegg til faste arrangement som Tripp Trapp og Lørdagsklubben (tidligare søndagsskulen), dette fortel Jens Tveit, som har vore formann i bedehusstyret dei siste fem åra.

Renovering
Dei siste tre åra har bygget gått gjennom ei renovering, dei ein bl.a har fått nytt kjøkken, ny måling og nye dører. Sist det vart gjort ei renovering på huset, var i byrjinga av syttitalet, då Odd Svendsen drog i gang eit stort dugnadsprosjekt med totalrenovering av huset. Før den tid hadde det ikkje vore gjort noko særleg bygningsmessig med huset frå det var bygd, med unntak av noko plating av taket, samt at det vart lagt inn elektrisk straum på femtitalet. Svendsen var invitert til jubilèet, og kom med helsing til huset og bygdefolket. Svendsen var rektor, eller styrar som det heitte på den tida, på Vikebygd skule frå 1971-75, og sat som formann i bedehusstyret.
— Det var kjekt å komme tilbake til Vikebygd å få delta på dette jubilèet, seier Svendsen.
— Eg hugsar godt den gode dugnadsånda det var her, og sjølv om det til tider var slitsamt, hugsar eg med glede kor kjekt det var å vere saman med denne gjengen, fortel Svendsen. Han har nå busett seg på Kvitsøy, og hadde med seg ein modell av fyrtårnet på Kvistøy som gåve til Betlehem.

Festkveld
I tillegg til Odd Svendsen var også Toralf Steinsland frå Indremisjonssamkipnaden invitert til jubilèet. Han hadde med seg Songbrødrene frå Moster, som underheldt med song og musikk. Mange andre kom også med helsingar til huset; sokneprest Johannes Nedrelid kom med helsing, det same gjorde Steinar Skartland på vegner av søndagsskulen, Else Valen på vegner av speidarane. John R. Hansen hadde teikna eit par bilete som han gav til huset. Sigrid Møllerhaug, som har vore engasjert i bedehuset i lange tider, var med og mimra med tilbakeblikk. Med mange hyggelege tilbakeblikk og helsingar, god song og musikk, samt eit skikkeleg måltid med smørbrød og fløytekaker, vart 100 årsjubilèet for Betlehem verdig markert.