15 år med Feedback

Feedback ville i høve 15 års jubileet sitt, lage til jubileumskonsert. Til dette hadde dei […]

Feedback ville i høve 15 års jubileet sitt, lage til jubileumskonsert. Til dette hadde dei invitert 600 medlemmar, der alle ein gong har vore aktivt med i Feedback. Dei tidlegare medlemmane som kom, kunne også få vere med i jubileumskoret for å syngje. Frå starten i 1989 har dei hatt øvingar kvar fredag for folk over tretten år. I 1993 vart det ei stor hending i Feedbacks historie. Dei kunne flytta inn i sitt eige hus i Eiodalen i Ølen. Feedback vart populært heilt frå byrjinga, og har gjennom heile historia hatt ganske bra med aktive medlemmar. Det vart oppretta mange forskjellige aktivitetsgrupper alt frå mekkegruppe til den mest aktive gruppa, song- og musikkgruppa. Det har heile tida vore godt samhald blant Feedback gjengen fortel Ingjebjørg Velde, som leia konserten.
— Me fann ut at faktisk ti prosent av medlemmane som har vore med i Feedback gjennom åra har funne sin store kjærleik her, seier ho med eit smil.

Jubileumskor
Jubileumskonserten fredag kveld starta med eit kor som var sett saman med tidlegare medlemmar i Feedback. Dei framførde fleire flotte songar, både rolige og med litt meir fart i. Det viste seg at desse endå hadde songteknikken inne, og viste stor glede på scenen. Solistane song med ei klokkeklar stemme som ikkje nokon i salen kunne klaga på. Etter fleire songar frå dei tidlegare medlemmane på instrument og vokal, var det dagens Feedbackkor sin tur til å framføra sine songar. Nokon av solistane, Carina Økland, Stine Hamre og Solrun Blikra viste at dei var minst like flinke som dei tidlegare solistane som song. Solistane song saman med koret flotte songar som «Amen» og «Mitt håp», der nok mange i salen blei veldig imponert av. Det vart også framførd dans med fem jenter. Avslutninga på jubileumskonserten var songar av eit jubileumskor samansett av dagens kor, og det tidlegare koret. Dirigentane her var Elisabeth Gregersen og Jan Sverre Frønsdal. Jubileumskoret markerte 15 årsjubileet på ein flott måte. Dette var og ein fin måte å framføre kavalkaden på den femten år lange Feedback historia. Etter konserten kunne dei som ville bli med på ein påmeldingsfest på huset.