17. mai i bilete

Ølen17. mai-komiteen fremst i toget med flaggborg. BjoaTommy Bjelland med Monica Berge i trillebåra (t.v.) […]

Ølen
17. mai-komiteen fremst i toget med flaggborg.
17. mai-komiteen fremst
i toget med flaggborg.

Bjoa
Bjoa
Tommy Bjelland med Monica
Berge i trillebåra (t.v.) og Kåre
Frøland med Elin Vestbø i trillebåra
i kappestrid på Bjoa.


Vikebygd
Vikebygd
Ida Einartsen p (8) køyrer på
planken og held balansen som
om ho ikkje skulle gjort noko anna.

Skjold
Skjold
SÂ lenge det var plass rundt
borda i bygdahuset, gjorde det
ikkje noko om det var kaldt
og surt ute.

Sandeid
Sandeid
Sandeid skulekorps hadde ein
travel dag med speling både i
Sandeid og Vikedal. Her frå
toget i Sandeid.

Vikedal
Vikedal
Det er berre Vikedal som kan
troppa opp med drilljenter i toget.

Imsland
Imsland
Full fart mot mål ved
bygdahuset i Imsland.

Etne
Etne
Etne skulekorps gledde mange
med musikken sin. Dette var
første gong medlemmene spelte
i toget 17. mai etter at korpset
starta opp igjen for to år sidan.

Vats
Vats
— Me ventar på å finna eit bord
inne i bygdahuset slik at me kan
få oss middag, sa desse tre
bunadsjentene i Vats.

Markhus
Markhus
John Karsten Hustveit (t.v.)
og Ingbert Markhus var to av
dei som kappåt bamsemums
under 17. maifeiringa på Markhus.

Skånevik
Skånevik
Folketoget i Skånevik var både
langt og flott.

Ølensvåg
Ølensvåg
Fargerik flaggborg i toget i
Ølensvåg. Russen frå Lundeneset
vidaregåande skule gjorde
mykje av seg i toget.