Det er 50 år sidan det vart starta 4H klubbar både i Vikedal og Vats, og i helga skal dei vise at dei held koken. Ved sida av tradisjonelle haustfestar, skal dei også markere jubilea, Falken 4H på Vikedal bygdahus fredag og Freidig 4H i Vindafjordhallen laurdag.
Klubbrådgjevar Margrete Sævareid i Falken 4H fortel om god aktivitet blant dei 36 medlemmane mellom 10 og 16 år. 29 av desse skal stille ut arbeida sine.
Medlemsmøta blir haldne i Solvang ungdomshus ein gong i månaden, og å vere nabo til motorcrossbanen, forpliktar. Dette har ført til at fleire av medlemmene har valt motorcross som oppgåve.
— Dessutan har ein medlem valt bygging av bilcrossbil, fortel Sævareid.
Seks plakettvinnarar
Også i Freidig 4H i Vats, har fleire valt motorcross, fortel Hilde Krakk, klubbrådgjevar
i klubben. Men oppgåvene varierer, frå matlaging til nyare ting som scrapbooking. Også fleire fantasifulle ting blir valt, fortel ho.
Freidig 4H har 60 medlemmer mellom 10 og 18 år, der seks av medlemmane er plakettvinnarar dette året.
— Rekrutteringa til klubben varierer frå år til år, men dette året har vi 17 aspirantar, fortel Krakk.
Spesielt for 4H klubben i Vats, er at det var to klubbar i bygda til 1993. Då vart Solåker 4H i Øvre Vats lagt ned. Etter det har Freidig 4H vore klubben for heile Vats.
På festen laurdag vil historia til begge klubbane bli nemnt.
Felles for både Falken 4H og Freidig 4H, er at dei ønskjer at gamle medlemmer kjem på festane, og er saman med aktive på jubileumsfestane.
— Vi har bedt inn gamle plakettmottakarar, fortel Margrete Sævareid i Falken 4H.
4H klubbar jubilerer
Det er 50 år sidan det vart starta 4H klubbar både i Vikedal og Vats, […]