Å venta på eit venterom

Stoppestaden er no framfor gamle Esso. Etter det ein har grunn til å tru, har […]

Stoppestaden er no framfor gamle Esso. Etter det ein har grunn til å tru, har eigaren av bygget tilbode kommunen/HSD å nytta lokala der, med oppgraderte toalett- tilhøve med vidare, utan at dei har fått noko attendemelding.
For skuleelevar, pensjonistar og andre som skulle falla for freistinga til å nytta kollektive transportmiddel, er dette eit stort sakn. Kvar ligg «ballen»? Me vel å retta spørsmålet til ordføraren i Etne, og vonar på eit svar i avisa.
Me tykkjer det lita meining i at ungdommar, turistar og andre som skulle opphalda seg i sentrum, dag eller kveld, skulle måtta oppsøkja private bustader og bedrifter dersom tronga skulle bli for stor.
Det er eit gamalt ordtak som lyder: Den som ventar på noko godt, skal ikkje venta forgjeves.
Me vonar at dette også gjeld venterommet.

Jon Magne Vae,
Leiar i Etne Framstegsparti