Ungdommane var spente og håpa at plakaten med teksten «Sats på rusfri ungdom, sats på Hippo», skulle få politikarane til å få auga opp for behovet.
— Me er her i dag, fordi Hippo er viktig for å oppretthalda det gode ungdomsmiljøet i dei ytre bygdene i Vindafjord. Me er her for å syna at me bryr oss, og at me er verdt å satsa på. Me har vist, gjennom drift i 10 år, at me vil og kan. Nå er det på tide at kommunen overtek det økonomiske ansvaret, seier Therese Haraldseid, tilsett fritidspedagog ved Hippo.
Kjempa og vann
Ungdommane smilte breitt då kommunestyret avgjorde å gje barne og ungdomsarbeid i kommunen 200.000 kroner. Ingen pengar hadde betydd kroken på døra for ungdomsklubbane. Difor var dette ei stor lette for dei frammøtte.
— Hippo er veldig viktig for oss, utan den har me ingenting å gjera på. Me er der to gonger i veka, seier Trine Hansen, innkjøpsansvarleg i ungdomsstyret i Hippo.
Ungdommane ser film, spelar biljard, brukar dansematta eller i diskoteket på ungdomsklubben.
Ungdomsklubben Public i Ølen har vore død i to månader, og no vonar ungdommen at dei kan få den opp å gå att.
Gerd Kvamme (FrP) er næraste nabo til ungdomsklubben Public i Ølen. Ho saknar engasjement frå ungdommen.
— Eg synest det er flott at ungdommen stiller opp her i dag. Det var på grunn av manglande midlar Public vart lagt ned for ei tid tilbake, men eg trur også noko av grunnen er at ungdommen sjølv tok lite ansvar og viste lite engasjement. Det håpar eg endrar seg nå som dei får stønad, sa ho.
Øyvind Haraldseid (TLSV) trur noko av grunnen til Public sitt fall er at få vaksne er inne i biletet i Ølen.
— Hippo i Skjold har fungert takka vera eldsjeler blant både ungdom og vaksne. Det er for lite vaksne som viser veg og støtte i Ølen. Eg håpar Public kjem på beina att, me har vist at det går an i Skjold, sa Øyvind Haraldseid.