Alle vinnarar

Deltakarane på Ungdommens kulturmønstring har ulik bakgrunn for deltakelse, nokon går på kulturskulen for å […]

Deltakarane på Ungdommens kulturmønstring har ulik bakgrunn for deltakelse, nokon går på kulturskulen for å lære, medan andre er sjølvlærde. Dei eldste deltakarane, Tor Svein Utvik og Anders Jordbrekk er sytten år og går på musikklinja ved Skeisvang vidaregåande skule, medan yngstemann, Vebjørn Vik Vestly er 10 år. Men slik skal det også vere på eit arrangement som Ungdommens kulturmønstring, her handlar det ikkje om å vinne, men om å våge.

Ikkje berre song og musikk
Sjølv om det var ei overvekt av innslag med song og musikk, fekk dei om lag tohundre frammøtte også sjå andre typar innslag. Filmen «The weapon» er laga av ein gjeng ungdommar frå Øvre Vats og var kveldens lengste innslag, her fekk publikum sjå både hemmelege agentar, våpen og ellers det som høyrer ein actionfilm til. Aslaug Eide (13), Trine Hansen (13), Karen-Helene Urdal (13)og Linda Elin Vestre (14) frå Skjold stod for kveldens einaste sketsj og fekk fram latteren blant publikum. Malin Bakke (14) frå Vats synte fram fem flotte teikningar.
– Eg har alltid likt å teikne og sjølv om eg har gått på eit kunstkurs, har eg stort sett lært meg å teikne sjølv, seier Malin, som først for eit år sidan begynte å satse litt meir på teikning.

Vanskeleg avgjerd for juryen
Nokre av innslaga får gå vidare til fylkesmønstringa, som i år vert arrangert på Tysværtunet i midten av mars. Medlemmene i juryen, Geir Sørtveit, Frans Fransson, Malin Othilie Aareskjold og Sandra Gullhaug hadde ei vanskeleg oppgåve med å avgjere kven som skulle representere Vindafjord i fylkesmønstringa, og då arrangementet var avslutta i Ølen samfunnshus vart juryen sitjande igjen for å komme til einighet. Seinare på kvelden kunne ein på http://www.ukm.no lese at dei som gjekk vidare var Malin Bakke, med teikninga «Hest», dansen «Robot dans» med gruppa «The robots» med dansarane Siri Bakke (14), Helene Bådsvik (15), Hege Gundersen (13), Kristin Hafstad Stokka (13), Anne Hognaland (14), Guro Cecilie Lærdal (15), Silje Madsgård (15), Line Nesheim (14), Karianne Nesheim (17) og Ragnhild Vierdal (14), alle frå Vats. I tillegg gjekk Tor Svein Utvik, vokal, og Anders Jordbrekk, elgitar, vidare med songen «Black night» og til slutt kom Nina Skipevåg Andreassen vidare med si flotte framføring av songen «What`s up».

Liv Jorunn Frønsdal