Andemysteriet held fram

Kari Aakra Femten moskusender har vore ei populær attraksjon ved dammen hjå Margaret Bull-Tornøe på […]

Kari Aakra

Femten moskusender har vore ei populær attraksjon ved dammen hjå Margaret Bull-Tornøe på Milja gard i Skånevik. I januar var elleve av dei sporlaust forsvunne, i februar var endå to borte vekk. Førre helg blei det heilt daudt ved andedammen. Det siste paret var også forsvunne. Som tatt av vinden.
— Me såg ikkje ein bloddråpe, ikkje ei fjør. Me forstår ingenting, seier tidlegare andeeigar, Margaret Bull-Tornøe.

Sporlaust borte
Endene er av den menneskekjære sorten, og heilt tamme. Born kan mata dei frå hendene om dei vil og andedammen er eit populært skode. Så mistenksame fotspor i snøen er det vanskeleg å undersøkja. Men om det er to- eller firbeinte som står bak andenappinga, skal vera uvisst.

— Det er jo snakk om ei delikatesse dette. Men det tykkjer reven også. Eg trur nok det er rovdyr som står bak, men det rare er at me ikkje ser ei einaste fjør som ligg att. Dessutan har det forsvunne to og to ender i slengen, fortel ei undrande Bull-Tornøe.

Likevel lovar ho det skal bli livat i dammen att til sommaren. Milja gard skal få nye ender frå Stord og Vikedal, og Bull-Tornøe trur gjerne det kan bli eit breiare utval i dammen dette året.

Også i Skjold har nokon latt sin forkjærleik til moskusender gå utover buskapen hjå Jan Idar Haugen. Rundt årsskiftet forsvann seks dyr frå andeflokken hans, og Haugen ville ikkje risikera at dei tre siste fekk same lagnad.
—  Eg rekna med det var reven som sto bak, og me sette dei tre siste i bur og dei har me enno, fortel Haugen.  
Ingen av andeeigarane har valt å melda forholda til politiet.