Årleg innsats for lokalmiljøet

Vikedal husmorlag tok initiativ til å pynte opp rundt Kyrkjehølen i Vikedal for om lag […]

Vikedal husmorlag tok initiativ til å pynte opp rundt Kyrkjehølen i Vikedal for om lag ti år sidan. Dei fekk hjelp av innsette ved Sandeid fengsel til å gjere det grovaste arbeidet, men aller mest har dei gjort sjølve.
— Me brukte grunnmuren til det gamle ungdomshuset då me murte opp langsmed elva og ved grillpartiet, sjølve grillen kjem også av stein frå ungdomshuset, seier Ingebjørg Helgesen.
Dette er gjenbruk på sitt beste. I dag er området populært til turar og utflykter.
Hard jobbing
Saman med sine ektefellar held damene i Vikedal husmorlag området i fin stand. Grannar kom over dei sist onsdag. Då var den årlege «bossdagen» komen.
— Me samlast kvart år rett før 17. mai for å rydde opp alt bosset som hopar seg opp. Me har merka oss at det kjem ein god del boss frå fotballbanen. Om det er spelarar eller publikum som ikkje klarer å ta med seg bosset, sitt veit me ikkje, men me ser eit klart forbetringspotensiale, seier den ivrige dugnadsgjengen.
Vaffelpause
Då Grannar overraska dei, er kaffipausen nett ferdig. I dag har dei kosa seg med vaflar og ein kaffitår og to. Praten går, og smilet og latteren sit laust. Det er tydeleg at dugnadsdagen også er eit fint høve til å kome saman.
— I dag har Sverre Gjerde meldt seg frivillig til å ta seg av dette området, og det er me sjølvsagt veldig glade for, seier Ingebjørg Helgesen.