Årsaker til målbyte

Den økonomiske oppgangen i samband med oljeaktiviteten har ført til at folk på Vestlandet flyttar […]

Den økonomiske oppgangen i samband med oljeaktiviteten har ført til at folk på Vestlandet flyttar inn til dei store byane som Bergen, Haugesund og Stavanger, og desse byane breier seg utover i omlandet og trenger bort nynorsken, slik det har skjedd i kommunane vest for Bergen. I Fjell kommune har såleis nynorsken gått tilbake med over åtte prosent i grunnskulen sidan 2001, og er no nede i 43,8 prosent. I tillegg kjem eit fråfall i ungdomsskulen på nærare 50 prosent.
Det har vist seg at ei viktig årsak til dette store målbytet, ved sida av det generelle bokmålspresset i samfunnet, er at det fins mange lærarar som underviser på bokmål i skriftlege fag i klassar der ein stor del eller til og med fleirtalet av elevane har nynorskbakgrunn. Dette var tilfelle ved Fjell ungdomsskule. Eit anna og svært alvorleg eksempel er det som har skjedd ved Etne vidaregåande skule, og som var grunnen til oppslaget i Haugesunds Avis fredag 25. mai. Rektor Arild Stenberg framstilte det då som om kritikken frå oss i mållaget var heilt grunnlaus, og at han ikkje kjende seg igjen i den. Sanninga er at bakgrunnen for at Hordaland og Karmsund Mållag sende klagebrev til Etne vidaregåande skule om nynorsksabotasje, var at skulen i mange år, heilt sidan starten, hadde vore administrert på bokmål, og at det meste av den skriftlege undervisninga hadde skjedd på bokmål trass i at fleirtalet av elevane hadde nynorskbakgrunn. Arild Stenberg kjenner godt til dette som rektor, difor er det underleg at han ordlegg seg som han gjer. Han burde òg vita at sidan Hordaland er nynorskfylke, så skal vidaregåande skular i nynorskkommunar som Etne administrerast på nynorsk.
Faktum er at det var ikkje før Karmsund Mållag våren 2006 hadde skrive om saka i lokalpressa, og saman med Hordaland Mållag hadde sendt klagebrev i desember same året, at skulen begynte å skjerpa seg. Den heimesida som skulen hadde laga ferdig på bokmål, vart då omsett til nynorsk og lagt ut på nettet. Men den læraren som hadde teke opp saka i 2004-05 og prøvd å få skulen til å følgja mållova, møtte så mykje motbør at ho måtte slutta. Ho blei rett og slett ekskludert og frosen ut av leiinga ved skulen fordi ho hadde teke opp kritikkverdige forhold ved skulen både når det gjaldt språk, inneklima og utstyr til den nystarta linja i media og kommunikasjon.
Difor er det frekt og direkte misvisande når rektor no prøver å framstilla det som om kritikken vår er heilt grunnlaus og eit forsøk på å stilla skulen i eit dårleg lys. Situasjonen er rett nok betre, og skulen har fått nye lærarar som meistrar nynorsk og har positive haldningar til nynorsk. Men dersom mållaget ikkje hadde teke opp denne saka, trur eg ikkje at denne utviklinga hadde skjedd.
Eg kan forsikra at Hordaland Mållag ikkje har vore ute etter å sverta Etne vidaregåande skule, men å koma med konstruktiv kritikk og få skulen til å retta opp den uretten dei gjorde mot den læraren som først reiste kritikken. I nær framtid har me gjort avtale om eit møte med rektor for å klara opp i desse tilhøva og me vil då koma med ulike forslag til korleis skulen kan ta betre omsyn til nynorsken og elevane sin språkbakgrunn.

Oddvar Skre
Hordaland Mållag