Men ein skal aldri selja skinnet før «Bjørnen er skutt». Etter som eg forstår er det mogeligheiter for at personen det gjelder også kan få bli i landet så ein får sjå kva som skjer.
Norsk lov kan heilt sikkert virka svært urettferdig og skremmande. Men når lovverket først er der, så vil eg tru ein må følja det, elles vil ein få eit problem, det gjelder faktisk i alt og adle. Kjenner ein person frå Brasil som hadde sambuar i Noreg. Fekk seg arbeid og ville flytte her til og stifte familie saman med sin sambuar. Personen fekk ikkje arbeid og opphaldstillate, og måtte reisa frå landet etter 3 mnd. Dette for at Noreg og Brasil ikkje hadde nokon avtale om asylpolitikk. Hadde personen hatt ein høgare utdanning hadde saka vore ein anna vert det sagt. Så det er dessverre slik at det er forskjell på Kong Salomo og Jørgen Hattemaker.
Eg forstår det slik i Grannar at det er lite dei kommunale politikarane kan gjera i saker som dette. Det stemmer ikkje. Dei kan be sitt parti ta fatt i saka, dersom partiet sin innvandringspolitikk er i samsvar med uttalingane frå ordførar, varaordførar, og formann i komité Folk i Etne kommune.
Der det blir tatt til orde for meir skjønn i innvandringspolitikken, og at det er hjarterått å splitta familiar. Det er nå vel også dei fleste samde i. Men når lovverket seier noko anna, så er det politisk å kunne forandra lovverket, og det er det som må til etter som eg forstår. Men kva vil ein få attende då?
Gå attende og sjå kva som skjedde då Handeland i Sjøtunet AS ville byggja husvære for innvandrarar og vanskelegstilte på meieritomta i Etne. Heilt sikkert ein god og gjennomtenkt tanke frå Handeland si side, men det blei ikkje slik. Rekninga blei slik, og den må adle i Etne kommune betala, ca. to millionar kroner.
Eg vil tru slik er det innan politikken. Det er heilt sikkert mykje som skulle eller burde vert gjort annleis, men tross alt skal ein vera glad for det ein har. Så er det opp til politikkarane kva dei meinar er det beste. Ein kan skulda på mangt og mykje, men snur ein seg rundt er rumpa alltid bak. Eg vil tru dei fleste er klar over det.
Men det går i alle fall an å prøva og hjelpa, det er betre det enn ikkje å gjera noko.
Ove Wiland