Barnehage sette opp revy

Det å debutere på scenen i ein alder av tre år, er ingen spøk. Ungane […]

Det å debutere på scenen i ein alder av tre år, er ingen spøk. Ungane ved Knerten-avdelinga i Enge barnehage imponerte. Sjølv om det kanskje var freistande å rømme scenen og gøyme seg på fanget til mamma som sat i salen, var det ingen som trekte seg. Dei gjennomførte til tjue i stil!

Første revy
Dei tilsette ynskte å samla foreldre og besteforeldre i ei litt anna setting enn det som har vore vanleg tidlegare. Før har besteforeldrekaffi vore vanleg, i år valde dei å samla store og små til revy i kinosmalen i Etne.
Bente Åsbø, som er ein av dei tilsette ved Knerten, ynskte alle velkomen. Ho var svært spent på korleis det ville bli å få smårollingane til å samarbeida når sceneteppet opna seg.
— Det er litt forskjellig kven som har lyst til å synga solo, det varierer frå øving til øving. I dag blir det ekstra spennande å sjå om nokon stiller opp, sa ho og lo.

Sceneskrekk – kva er det?
Aller fyrst var det opningssong der alle deltok. At dette var spanande saker var svært tydeleg å sjå på ungane. Dei speida ivrig etter kjende i salen, medan dei song av full hals. Kommunikasjon frå scene til publikum er jo svært viktig. I denne revyen var kontakten ikkje på det kunstnariske planet heile vegen, men meir personleg.
— Hei pappa, her er eg! var ein av kommentarane frå scenen. Om det stod i manus er vel heller tvilsamt, men sjarmerande var det i alle fall.

Premierefest
Undervegs fekk tilhøyrarane med seg fleire versjonar av «Bæ, bæ lille lam» og «Mikkel Rev». Fleire tøffingar song heilt aleine. Begrepet sceneskrekk var tydelegvis noko dei ikkje visste kva var. Etter blant anna to dramatiseringar av Bukken Bruse, og songar som «Grisen står og hyler» og «Grisefise», var revyen slutt. Applausen var stor, og revystjernene fekk, som alle andre revystjerner, kvar si rose for strålande innsats. Då publikum hadde fått sitt, forsvann stjernegalleriet bak scenen og heldt ein velfortent premierefest med saftis på menyen.

Hanne Rullestad