Basar

Me har det godt, men betjeninga er det for lite av mange gonger. Eg har […]

Me har det godt, men betjeninga er det for lite av mange gonger. Eg har høyrd om nokon som har kome her på føremiddagsskift og fått telefon om ho kan koma for dei har for lite folk, og då vert det mykje arbeid for henne.
Så er det slik her at me pleier å ha basar om hausten for å få inn nokre pengar som me brukar til turar om sommaren og gjerne litt ekstra kos i høgtidene elles. I fjor sommar var me til Låtefoss. Me sat der ei stund og kjøpte noko å bita i. Etterpå kjørte me her til att, og då var middagen ferdig, og så var det å kvila. Seinare var me ein tur på kaien og sat ei stund, og der fekk me is.
Desse turane kunne godt kommunen spandere, men nei. Me må bruka pengane som me har fått inn på basaren. Difor er eg no ute på friing etter gevinstar om det er nokon som kunne ha noko til overs. Det er løye når ein leitar, då er det alltid eitkvart som ein kan unnvera.

Sina Hardeland