Begge kan klare seg

Det er kampen om å unngå den nest siste plassen i avdelinga i 4. divisjon […]

Det er kampen om å unngå den nest siste plassen i avdelinga i 4. divisjon det handlar om for Etne og GrannKam i den siste serierunden. Etter den gamle ordninga betyr det direkte nedrykk. Men på grunn av utviding av 3. divisjon, medfører denne plasseringa kvalifiseringskamp.
Etne er verst ute sidan dei er på kvalifiseringsplass i dag. Men det er berre eitt poeng opp til Hundvåg og GrannKam på dei neste plassane. Det betyr at Etne må ta poeng for å unngå kvalifiseringskampar i nedrykksstriden. Med eitt poeng forskjell mellom dei tre laga er utfallet ganske usikkert.
Etne møter Torvastad borte på Karmøy, og møter eit topplag som er klar for opprykk. GrannKam møter derimot Hundvåg i Stavanger som er med i denne nedrykksstriden.

Skadar i GrannKam
— Eg ser på det som ganske ope. Det er ein svært spennande serieslutt. Vi kan sikre dette sjølv ved å ta poeng, og vi kan ikkje tenkje på at andre lag kan hjelpe oss dersom det og det skjer, seier Frank Abelseth, trenar i GrannKam.
Laget hans klarer seg uansett med uavgjort sidan GrannKam har betre målforskjell enn Hundvåg. Kampen går på kunstgras, og det er der GrannKam har gjort dei beste kampane sine i år.
— Problemet er som før å ha mannskap nok. Eg kan nemne fem spelarar som er usikre på grunn av skadar, seier han.
Blant desse er storscorar Espen Vaka som er ganske usikker.

Grei sjanse for Etne
Etne-trenar Martin Moe meiner laget hans har ein grei sjanse til å klare seg. Spesielt med tanke på at dei uansett får spele kvalifisering.
— Torvastad er eit godt lag. Vi kan klare oss med uavgjort dersom Hundvåg taper, men vi reiser til Karmøy for å ta tre poeng. Vi har hatt ein fin rytme i laget dei siste tre-fire kampane, og vi vil yte maksimalt, seier Moe.
Etne er i den heldige situasjonen at Moe kan plukke den startellevaren han vil i blant eit skadefritt mannskap.
Skjoldar avgjer heime
Skjoldar har gode odds til å klare seg i 5. divisjon før returoppgjeret mot Høle på heimebane i Skjold på laurdag. Uavgjort er nok etter at laget slo Høle i den første kvalifiseringskampen i Sandnes siste laurdag. Høle må vinne med meir eitt mål.
— Høle er eit fysisk lag som satsar på duellar. No må dei satse meir framover for å få mål. Det kan gi rom for oss. Vi har tapt to kampar på heimebane i år, så dette trur eg vi skal klare, seier Skjoldar-trenar Linda Worre Bråtveit.