Kvalifisering 5. divisjon Rogaland
Skjoldar – Høle IL 2–1 (1–1)(6–4 samanlagt)
1–0 Kjerand Haugen (21. min)
1–1 Rolf Einarsen (45. min)
2–1 Jan Bauge (72. min)
Gult kort: Egil Moe (Skjoldar), Kristian Ås (Skjoldar).
Raudt kort: Thomas Gausvik (Skjoldar), Anker Winberg (Høle).
Dommar: Erlend Dalaker
Tilskodarar: Ca. 80
— No skal me samla oss litt før me ser på neste sesong. Mange av spelarane har gitt beskjed om at dei vil slutta, og me slit med rekrutteringa. Alternativet er samarbeid med Vats, og det skal vera samtalar mellom klubbane i nærmaste framtid, fortel Ole Andreas Haraldseid, formann i Skjoldar.
At laget beheld plassen i 5. divisjon også neste år, trur ikkje Haraldseid har mykje å seia for om det vert samarbeid eller ikkje. Det er spelarsituasjonen som avgjer.
Kan bli
Skjoldar-trenar Linda Worre Bråtveit fortel at laget ikkje tenkte på eit eventuelt samarbeid laurdag. I kvalifiseringskampen mot Høle handla alt om å vinna samanlagt.
— Det er herleg å berga plassen. Ingen veit kva som skjer neste sesong, men det er vanskeleg når fem mann har signalisert at dei vil gje seg. Denne sesongen har me reist tolv mann til bortekampar. Det er slitsamt, seier ho.
Heller ikkje hennar situasjon er avklara, men ein kamp for å samla nok spelarar til å stilla lag orkar ho ikkje ein sesong til.
— Det er Skjoldar som er alternativet om eg skal trena nokon neste sesong. Eg var jo ei naudløysing når eg kom inn i februar. Men eg trivst godt, og dette er gutar ein vert glad i, smiler Linda Worre Bråtveit.
Letta
Ho var naturleg nok letta over at laget vann 2-1 laurdag. Skjoldar opna best og skapte fleire sjansar, men liten aggressivitet framføre begge mål frå heimelaget si side kunne kosta dyrt.
Etter 19 minuttar gav Skjoldar gjestane Høle eit unødvendig straffespark, men keeper Jarle Rødde var kjapt nede og redda. Berre to minuttar seinare kunne Skjoldar gå opp i leiinga. Jan Bauge vann ein duell inne i feltet etter eit hjørnespark, og Kjerand Haugen kjempa inn 1-0.
Skjoldar styrte kampen, men i staden for å auka leiinga fekk Høle utlikna sekundar før pause. Eit frispark vart slått inn i feltet og passive Skjoldar-spelarar let Rolf Einarsen laga 1-1.
To raude kort
I andre omgang yppa gjestane seg eit par gongar, men Skjoldar-kaptein Jan Bauge var den einaste som fekk ballen i mål. Scoringa kom etter at ein vart slått inn i feltet, der Bauge dempa, snudde seg og skaut til høgre for keeper.
— Me har hatt mange slike kampar i år der me burde vunne klart, men ikkje er tøffe nok framføre mål. Det er grunnen til at me spelar desse kvalifiseringskampane, seier Linda Worre Bråtveit.
Tøft og ampert vart det derimot dei siste ti minuttane då dommaren måtte opp med to direkte raude kort. Først fekk Skjoldars Thomas Gausvik marsjordre etter ei hard takling på midtbana. Berre minuttar etterpå fekk Høles Anker Winberg raudt kort. Kvar sigeren skulle gå var det likevel aldri tvil om. Skjoldar vann fortent, og kan stille lag i 5. divisjon også neste sesong.