Betongbilen som velta og politibil utan førar

Til tider kan ein faktisk stille spørsmål om nokon ansvarlege personar går med skylappar eller […]

Til tider kan ein faktisk stille spørsmål om nokon ansvarlege personar går med skylappar eller har eit elendig gangsyn når ein ser på vegen mellom Frette og Etne og korleis den er laga. Når noko går gale er det sjåføren som blir straffa, som regel etter brot på vegtrafikklova, medan dei som skal sjå til at me også har helse, miljø og tryggleik ikkje vert nemnde i det heile. Det er i orden med lovar og reglar, sjølv om det kan virke slikt at det er svært rett å finna fram stumtenaren der ein kan henge hatten frå seg og sjå fram til neste sak.
Eg vil påstå at då denne betongbilen velta på Håfoss, lasta med betong og med ein fart i overkant av 50 km/t, var det svært skremmande. Ikkje med farten, men med vegen sin tilstand kombinert med ein del uheldige omstende. Dersom dette kan bli kvardagen for dei som ferdast på vegen må ein kunne stilla større krav til vegstandarden og ikkje minst til løyvande myndigheiter.
Denne uheldige betongbilsjåføren blei fråteken førarkortet til det blir utferda ein tiltale, kva dette måtte bli både på godt og vondt. Mange kan også få førarkortet prikkbelasta. Etter som eg forstår var dette eit hendig uhell som kunne fått andre uheldige omstende. Eg vil tru det vil komma fram ein del ting når eit kjøretøy lasta med betong fer vill på vegen som denne gjorde. Det må vera noko som ikkje stemmer for dette vil eg tru ikkje skal skje.
Noko anna er det med denne politibilen som kom utan førar ned skråninga før den brasa inn i den gamle lastebilen som står på ein privat grunn på Håfoss. Dette er eit kjøretøy som er med i ei utrykking, og som kom farande åleine utan førar. Kanskje det var noko gale med handbremsa eller bremsane, men det er uansett sjåføren som er ansvarleg for at kjøretøyet er i orden. Kanskje var det andre årsaker til at kjøretøyet kom i rørsle, men uansett kunne dette fått følgjer på lik linje med den velta betongbilen.
Eg vil tru begge sakene er eit brot på god trafikkultur, og det skal bli moro og sjå kven som får kva – av politibilen utan førar og betongbilen som velta på Håfoss.

Ove Wiland
Skånevik