Big Bang vann avstemminga

Avstemminga varte i ei veke, før den blei avslutta måndag føremiddag. Over 300 personar i […]

Avstemminga varte i ei veke, før den blei avslutta måndag føremiddag. Over 300 personar i alle aldrar frå heile sør-Noreg tok del i avstemminga, og festivalarrangørane er godt nøgde med responsen. Dei mellom 18 og 35 år var likevel dei ivrigaste til å sende inn artistforslag.

Plate i USA
Big Bang fekk 97 stemmer i løpet av veka folk sende sms og mail. Dermed slo dei Hellbillies med berre fem stemmer. Odd Nordstoga låg heller ikkje langt unna, men derfrå var det eit stykke ned til dei to siste alternativa: Span og D`Sound.
Anne Cecilie Berentsen, leiar i styret for festivalen, har ikkje fått det endelege klarsignalet frå Big Bang. Ho må dermed ta eit atterhald før ho stadfestar heilt sikkert at dei kjem. Det skjer først når bandet kjem tilbake frå plateinnspeling i USA denne veka. Festivalleiinga har gjeve Big Bang eit offisielt bod, og alt tyder så langt på at dei kjem til å stå på scena i Vikedal andre helga i juli. Dei med ansvar for booking har iallfall gjeve klarsignal.
Tre av personane som deltok i den populære avstemminga, vann to festivalpass kvar. Dei heldige er Arne Langerud frå Hundvåg, Solgunn Liestøl frå Skjold og Linn Haraldseid frå Skjold.
— Langt fleire stemte på publikumsartisten i år, og dei som har deltatt kjem frå fleire stader enn i fjor, seier ei nøgd Berentsen, som meiner ordninga med publikumsartisten er komen for å bli.