Bilen som nytte og drapsmaskin

Nær på 250 omkomne personar i landssamanheng på vegane våre og 12.000 skada – mange […]

Nær på 250 omkomne personar i landssamanheng på vegane våre og 12.000 skada – mange for livet. I vårt politidistrikt er talet på omkomne 12 personar. Alle vettuge menneske meinar sjølvsagt at dette er ein alt for høg pris å betala for bilens «fremkommelighet». Me har ikkje råd til å mista eit einaste liv av desse.
«Det er farten som drep» høyrer me ofte. «Nei, det er dei dårlege vegane som er årsaka» seier andre. «Bygg ut vegnettet til ein god standard» lyder ropet til våre styresmakter. Svaret vert at då må det tolast bomstasjonar der det er aktuelt som finansieringskjelde. Og så veit me at same staten har underslege minst 40 milliardar i året av bil-og vegavgifter som er/var øyremerka for vegutbygging. Somme hevdar òg at det ikkje finnst dårlege vegar, men mange dårlege bilførarar. «Me har stort sett eit godt veg- og tunnelnett her i landet», meinar vegdirektøren. Kan det bli betre vegar av slike motsette syn.
Ser ein på bilulukkene så er det ofte bilføraren som ikkje har vore aktsam nok. Front mot front kollisjonar fortel om det. Ei årsak kan vera hastverk, som ofte er lastverk. Ein skal fort fram, og det vert teke sjansar med grufulle resultat. Farlege forbikjøringar på feil stad resulterar ofte i tragedie. Men ein del bilførarar – kanskje mest unge – likar å leva farleg.
Fartskontrollar syner òg det. Fart på opptil 200 km i timen og meir er uhyggeleg å tenkja seg. Det er diverre ikkje berre eigne liv slike gamblar med, men også uskuldige andre vert påført skadar og død. Slike fartsbøllar burde ikkje ha lov til å vera med i trafikken.
Då Norsk Motorvognklubb fekk kjempa gjennom ei motorvognlov i 1912, skal kong Haakon ha uttalt at «det trengs ikke en slik lov dersom alle kjører som gentlemenn» (fritt sitert). Då den første bilen synte seg på gater og plassar i Kristiania i året 1900, var fartsgrensa 15 km/t i tettbygde strok og 25 km i timen utanfor tettbygde strok. I mørket måtte ingen kjøra fortare enn 15 km i timen.
Sjølvsagt var bilar og vegar noko heilt anna enn i dag. Men den gongen var ikkje vegbygging så viktig for politikarane – det var jarnbanebygging som var det store. Jamvel her i distriktet var det planlagd jarnbane mellom Haugesund og Etne, som einaste bane. Men fordi staten ikkje makta dette økonomisk vart det veg.
Mange raritetar kan ein lesa om frå bilens barndom, som desse: «Kjøring med bil må kun finne sted en gang i uken» fortel eit heradstyrevedtak. «Og dersom avgrensing finner sted – tilpliktes bilføreren/motorvognkjørende å ha en sykkelrytter som drar foran på de farlige steder for å varsle bilens komme».
Vegstandarden var sørgjeleg dårleg og låg minst femti år etter Europa elles. Då den første verdskrigen braut ut, var det omlag eitt tusen registrerte bilar i landet. I dag er der fleire millionar slike. Det fortel om auken i biltrafikken. «Samfunnet stoppar heilt opp utan bilen». heiter det så rett.
Og fartsgrenser er stadig under debatt, men brot på desse er mange og farlege i våre dagar. For i dag er det tidsmomentet som er det viktige for alle menneske – med og utan bil – men ulovleg fart er i grunnen lite å tena på i tid. Så lovleg køyring varer lengst, men tid er pengar vert det hevda – så då så.
Den danske filosofen Kumbel (Piet Hein) – som har laga eit mangfald av gruk til nesten eitkvart høve i livet – har også skrive eit slikt som gravskrift for den travle bilisten: «Her hviler en helt som falt forleden – han hadde ikke Tid, nå har han evigheden».
Bilen er blitt så sjølvsagt for oss at utan den ville samfunnet stoppa heilt opp. Men me blir nok nøydde til å setja inn tiltak for å redusera privatbilismen – ifølgje fagleg hald. Miljøet krev det og klimaet krev det. Bilen er nemleg også ein forureinar i tillegg til at den er ei drapsmaskin. Men mange tiltak kan avhjelpa faremomenta på vegane våre dersom styresmaktene har mot og vilje til å satsa på visse område. Samfunnet er gira for høgt – etter fagfolk si meining – det har utvikla seg til ein pengegalopp utan sidestykke i historia.
Me har fått eit samfunn med dans rundt den kjente Gullkalven, og i kjølvatnet kjem ein grådigheit utan like. Me hadde hatt godt av noko mindre fart i velstandsgaloppen generelt, og med satsing på andre verdiar enn dei som er på børsen.

Endre Heggen