Bjørnar Larsen på impulslandslaget

Det inneber at Sandeid-guten får vere med på nokon av juniorlandslaget sine samlingar. Bjørnar Larsen […]

Det inneber at Sandeid-guten får vere med på nokon av juniorlandslaget sine samlingar. Bjørnar Larsen var for øvrig svært nær ved å komme med på det ordinære juniorlandslaget. Dei tre beste samanlagt i noregscupen fekk plass. Larsen låg på delt tredjeplass før noregscupfinalen på Lillehammer. Han falt ned til fjerde og var den første som ikkje kom med. Vindafjord-løparen tar ikkje det så tungt. 18-åringen er likevel glad for at han får vere med på nokon av samlingane. Det er på utstyrssida det er størst forskjell på dei som er på juniorlandslaget og dei som står utanfor. Det bekymrar ikkje Larsen at juniorlandslagsløparane får ski og anna utstyr for mange tusen kroner. Han er meir opptatt av å fokusere på treningsbiten.
— Det er ingen garanti for at du går fort på ski sjølv om du er med på juniorlandslaget, sa Bjørnar til Grannar tysdag kveld. Andreårsjunioren la ikkje skjul på at han hadde godt håp om å komme med på det såkalla impulslandslaget. Spesielt ettersom skiforbundet hadde signalisert at noregscupresultata ville bli lagt til grunn for uttaka.
— Eg har knapt rørt langrennsskiene etter noregscupfinalen på Lillehammer. Denne månaden skal eg bruke til å lade batteria. Først i mai startar hardkjøret igjen, seier Bjørnar. Han har plukka fram joggeskoa og tatt seg nokre løpeturar. Først og fremst fordi det er fin avveksling og god trening. Planen er at han skal vere med i ein del løp utover sommaren.

Ølmedal rundt
— Eg kjem nok til å stille opp i Ølmedal Rundt. Det er heller ikkje utenkeleg at eg testar løpsforma på bane, seier Bjørnar, som representerer Haugesund IL i løpssamanheng. Der kjem han også til å bli ei viktig brikke i enkelte stafettar. Larsen satsa like hardt på løping som langrenn fram til i midten av tenåra. Etter at han begynte på Hovden har løpinga komme i andre rekkje. Bjørnar er ein av dei som har kapasitet til å kvalifisere seg for junior-VM i Slovenia kommande sesong. Han innrømmer det er ein drøm sjølv om nålauga er trongt.
— Det er mykje som skal klaffe for at eg kjem meg dit. Junior-VM i 2007 er meir realistisk, seier den talentfulle langrennsløparen. Den vinteren vil han vere sisteårs junior. Kommande sesong må han finne seg i å måle krefter med dei som er eitt år eldre. Den utfordringa er den målbevisste skigymnasiasten innstilt på å ta.