Blinkskot i fleng

Tommy Rasmussen var blant dei som synte fram fleire flotte bilete. Sjølv om han lenge […]

Tommy Rasmussen var blant dei som synte fram fleire flotte bilete. Sjølv om han lenge var i tvil om han skulle velje mekaniske fag føre media og kommunikasjon, er han i dag svært glad for valet han tok. I gangen på den vidaregåande skulen i Etne dekka halve veggen blinkskot frå Tommy si linse. Blinkskota som møtte publikum er eit tydeleg bevis på at foto er det rette for karen frå Skånevik.
— Eg valde denne linja fordi eg høyrde at det vart bruka mykje data og i tillegg likar eg å fotografera, seier han.
Fleire av motiva hans er henta frå Osnes iT Etne, og andre lokale motiv frå naturen.
Julepynt av papir
Til utstillinga hadde Maria Vinje frå Skånevik og Hilde Stølås og Hege Kringlebotten frå Etne valt å lage julepynt av sjølvlaga papir.
— Det er inga sak å lage papir. Det er berre å blande strimler av dopapir, med litt vatn og gelatin med ein stavmiksar, for så å tørke det på eit handkle, seier Maria Vinje.
Av papiret hadde dei tre jentene mellom anna laga flotte julekort, englar og hjerter.
Peparkaker på menyen
I det siste har elevane fått i oppgåve å designe gåveesker og CD–etui. Fleire av desse var utstilte med fleire originale og morosame tekstar og bilete. Alle som stakk innom fekk både varm gløgg, peparkaker og mandarinar. Julemusikk og dans rundt juletreet sette ein ekstra spiss på julestemninga.