Bråk om eigedomsskatt

Ja, eg trur det ligg an til å verta skikkeleg bråk dersom grensene for eigedomsskatt […]

Ja, eg trur det ligg an til å verta skikkeleg bråk dersom grensene for eigedomsskatt vert som i dag, og når ein ser på samansetjinga av kommunestyret, er sjansane gode for det.
Eg siterar frå Haugesunds Avis den 14.september 2005: «Utkantane slo til. Dei perifere grendene forsynte seg godt, Sentrumskrinsen Ølen får berre tre representantar i Nye Vindafjord kommunestyre”. Av desse tre representantane trur eg to av dei bur på rett side av vegen, og slepp å betala eigedomsskatt. Med andre ord, er det berre ein representant i det nye kommunestyret som må betala denne urettferdige skatten slik det er i dag. Me får vona at meir enn halvparten av dei andre representantane går inn for å retta på dette. Ja, regelen er slik i dag at dei som bur aust og nord for vegen som går opp til Nerheim og vidare over Eide, må betala eigedomsskatt, medan dei som bur på andre sida av vegen slepp.

Alle med glede
Får alle i den nye kommunen eigedomsskatt, trur eg at dei betalar med glede, men har dei same innstillinga som Ingrid Steinsland, blir det mykje ufred i kommunen. Eg forstår det slik at gateljoset på Bjoa har kosta kr. 520.000.- Av dette har SØK betalt kr. 260.000.-, Ølen kommune kr. 100.000.- resten, er finansiert med gåver og dugnad frå andre. Skal dette vera god nok grunn for å sleppa å betala eiendomsskatt, må eg seia at kommunen må betala dyrt for ein dugnad.
I Ølen sentrum er det fleire byggefelt, og i dei fleste er det vegljos som kvar einskild husbyggjar har betal for sjølv. I eit felt, Litlehagen, var ikkje vegljos tatt med i tomteprisen, og av den grunn er dei som bur der utan vegljos den dag i dag. Ingrid Steinsland fortel og at ho brukar 12-1300 kroner kvar månad for å koma seg på arbeid i Ølen sentrum. Difor meiner ho at eigedomsskatt må vera uaktuelt for ein plass som Bjoa. Betyr det at dei frå Ølen som arbeider i Haugesund, Kårstø, Åmsosen eller andre stader skal sleppa eigedomsskatt fordi dei har utgifter med å koma seg på arbeid? Nei, kjære kommunerepresentantar, dersom de ikkje kan kutta ut denne skatten, må den i alle fall gjelda for alle innbyggjarar i kommunen.

Harald Heggebø
Ølen