Bråkar om bordvers

I LO og internt både i SV, Ap og Sp har det meldt seg til […]

I LO og internt både i SV, Ap og Sp har det meldt seg til dels hard kritikk i fleire saker. I skattepolitikken er det interne opprør i alle tre partia.
Men det største bråket er i SV. Partiet har på kort tid klart å stille fleirtalsregjeringa i eit underleg lys med ei rekkje utspel frå enkelte statsrådar i tillegg til uroa internt. Det kan vere startproblem som vil rette seg etter kvart. Eller ein kan alt no sjå konturane av eit regjeringssamarbeid som vil få trøbbel ganske raskt.

Det er overraskande at det mest tøvete frå den kanten kjem frå ein så erfaren politikar som utdanningsminister Øystein Djupedal. Først slumsar han med at barnehagane er betre i stand til å ta seg av ungane enn foreldra er det. I ettertid dementerer han med at han eigentleg ikkje meinte det så kategorisk. Eit par dagar etterpå går han så ut med at no må det bli slutt at lærarane syng gamle bordvers med religiøst innhald fordi skulen ikkje skal drive med religiøs diskriminering eller forkynning.
Han har sikkert lover og reglar på si side, men det er direkte underleg at ein fersk statsråd går i gang med å markere seg i ei slik sak.
Utdanningsministeren burde ha langt viktigare saker å gripe fatt i enn kva elevane syng før maten.

Ei fillesak, ja vel. Men det går inn i ei rekkje av saker der ein får mistanke om at partiet ikkje forstår rekkjevidda av å gå inn i regjeringssamarbeid. Eit parti med under åtte prosent av stemmene må også ha grenser for kva det trur er mogleg å få gjennomført av politikken sin. Dersom sutringa frå sidelinja mot alt og alle skal bli normalen, blir slitasjen på regjeringa Stoltenberg så stor at ho ikkje kan leve lenge.