Utbygginga går sakte framover der det ikkje er kommersielt lønsamt for utbyggjarane å leggje tilrette for breiband. Dermed er det plassar med få innbyggjarar, gjerne litt avsides, som slit med å få tilgong til breiband.At det blir slik er naturleg. Slik er det med dei fleste teknologiske utbyggingar om ein ser tilbake i tid. Plassar der behovet er størst eller tilgangen er enkel, blir først utbygd om det gjeld telefoni, elektrisitet eller breiband.
Likevel er det sjølvsagt at også innbyggjarane som bur utanfor lett tigjengelege områder, må få tilgang til raskt Internett slik at også dei kan nyta godt av tilboda som innbyggjarane elles får. Men det er heilt klart at når utbygginga stoppar opp fordi det ikkje er lønsamt, så må det offentlege inn med midlar. Regjeringa har gjort litt i revidert statsbudsjett, men det er neppe nok til at alle kan få ein form for breiband som er til å leva med.
Internett har vakse raskt, og dagens samfunn gjer seg meir og meir avhengig av teknologien som knapt var tilgjengeleg for folk flest for ti år sidan. Men når utviklinga går så fort, er det viktig at ein også syt for at dei som ikkje får ta del i utviklinga like raskt ikkje tapar på det. Det kan fort bli eit resultat når «alle», ofte sett med storbyauge, har tilgang til det same som storsamfunnet elles.Fylkeskommunane gjer no ei registrering av kven som ikkje kan få breiband rundt i bygdene. Det er eit godt tiltak. Når denne registreringa er ferdig må ein sjå kva som kan gjerast og finna løysingar som gjer at også desse skal få. Om ein får breiband i år eller til neste år er ikkje det viktigaste i denne saka. Her får ein heller tola eit lite løftebrot på tidsskjemaet.