Bustadbygging i Ølen

Framlegg til reguleringsplan for bustadområdet Osen blei redusert fordi det ikkje var godt nok avklara […]

Framlegg til reguleringsplan for bustadområdet Osen blei redusert fordi det ikkje var godt nok avklara om det skulle opparbeidast offentleg veg frå Dreganesvegen og opp til vegen til Øvrehagen til erstatning for den private Osabrekko. Det var heller ikkje godt nok utgreidd kor ein slik veg i tilfelle skulle gå.
Dette er viktige spørsmål for den vidare utviklinga av tettstaden og kommunesenteret Ølen. I dag er E134 einaste vegen for å knyte viktige deler av tettstaden saman. Etter staten sine investeringsprogram for det overordna riksvegnettet er det grunn til å tru at det vil vera slik i mange år framover.
Tettstaden Ølen har behov for eit funksjonelt internt vegsystem for så vel biltrafikk som for gåande og syklande. Etter vår meining vil det vera rett å finna ei vegline som kan koma i staden for Osabrekka. Osabrekka bør halda fram som privat tilkomst til dei bustadane som bruker denne vegen i dag. I tillegg bør det byggjast ein ny veg som er dimensjonert for framtidig trafikkmengd av ulike typar trafikkantar. Det er derfor viktig at reguleringsarbeidet ikkje stoppar opp, men held fram med å legga viktige premiss for utviklinga i kommunesenteret.
Det er kommunen som har regulert bustadområdet Osen. Vi er spente på korleis vidare utbygging vil bli organisert. Kor aktiv vil den nye kommunen vera? I eit så stort og sentralt bustadfelt som dette, er det vår meining at kommunen aktivt bør ta del i tilrettelegginga for utbygging. Med dette meiner vi at kommunen bør erverva grunn, byggja ut veg, vatn, avløp, kommunikasjonskablar og røyr for fjernvarme under eitt, eventuelt i samarbeid med andre «graveetatar». Utbygginga vil likevel kunna skje av private entreprenørar under full konkurranse om utbyggingspris og –kvalitet.
Ei slik offentleg tilrettelegging vil vera den utbyggingsforma som best sikrar omsynet til heilskap utover den einskilde av dagens grunneigedomar, og som gir husbyggjarane størst valfridom. Denne utbyggingsforma vil og vera gunstig for prisdanninga i området. Vi ser fram til at Vindafjord kommune held oppe trykket på tilrettelegging av bustadtomter i Ølen sentrum, og er villig til å satsa på å ivareta fellesskapet sine interesser.

Karl J. Granberg
Formann, Folkets Røst
Vindafjord