Chris imponerte i U 23-VM

— Eg har i alle fall ikkje prestert noko tilsvarande i klassisk, sa Chris etter […]

— Eg har i alle fall ikkje prestert noko tilsvarande i klassisk, sa Chris etter den etterlengta oppturen i Slovenia. Det norske støtteapparatet var storfornøgd med det Jespersen presterte i det tidlegare austblokklandet. Jørgen Aukland hadde ikkje forventa at Chris skulle bli beste norske løpar i klassisk. Han hamla opp med både Øystein Pettersen, Tord Asle Gjerdalen og Martin Sundby. Trekløveret gjekk fortare enn Chris i NM. I mildveret i Kransj klarte dei ikkje å matche den jamgamle Korlevoll-løparen. Aukland og dei norske leiarane er spente på kva 22-åringen kan prestere på laurdagens duathlondistanse. Chris har håp om å gjere det bra.

— Eg har gjort mine beste løp i fristil. Resultata så langt i vinter tyder på at eg har blitt mykje betre i klassisk. I NM var det dei same distansane som her i Ungdoms-VM. Eg hadde helst sett at det var skøyting i staden for klassisk, seier Chris Jespersen, som ikkje tykte han gjorde nokon stor jaktstart i NM. Trass i at han blei nummer 19. Laurdag går han for ny topplassering i Kransj. Grunnlaget bør han leggje på 15 kilometer klassisk. Den tidlegare juniorverdsmeisteren er avhengig av å gjere det bra i klassisk. Føreforholda i Slovenia har så langt vore vanskelege. Det er også meldt mildvêr i helga. Chris har følt seg pigg den siste tida. For dei fleste var det overraskande at det berre var tre løparar som gjekk raskare. Franz Görling var det som venta ikkje noko å gjere med. Tysk stortalent som stod i ein klasse for seg, sølv og bronse blei det på dei to russarane Maxim Bulgakov og Alexander Legikov. Sistnemnte var berre fem sekund framfor Jespersen. Dei to gjekk saman i tre av dei seks rundane.
— Russaren gjekk ut på andre runde då eg tok fatt på mi første 2,5-kilometerssløyfe. Då eg var halvvegs fall Legikov. Eg fekk ei forholdsvis billig reise i dag, seier Chris. Han tykte det var oppmuntrande å bli sekundert i forhold til dei beste. Norske journalistar ville vite kvifor Jespersen hadde komme så sterkt tilbake i vinter. Det forklarte han på følgjande måte:
— Eg tok meg sjølv i nakken i fjor sommar. Både i den første og andre seniorsesongen trente eg alt for dårleg. Føler nå at eg er på rett kurs, seier Chris, som gleder seg til jaktstarten.