Dekkjer opp legestillingar

— Eg trivest veldig godt, og har ingen planar om å skifte jobb, seier Tina […]

— Eg trivest veldig godt, og har ingen planar om å skifte jobb, seier Tina Sparchholz.
Sidan ho kom til Noreg frå Tyskland for fem år sidan, har ho vore tilsett i Suldal kommune. Tina Sparchholz bur på Sand saman med sine tre born, og pendlar fire dagar i veka til Vikedal. Kvar onsdag har ho fri.
Andreas Andreassen bur i Vikedal, og var også frå 1991-1997 lege i heimbygda. I 1997 fekk han jobb som barnelege ved Haugesund sjukehus. No har han eitt års permisjon frå 60 prosent av denne stillinga. Torsdag og fredag reiser han på jobb til Haugesund, medan han kan gå til jobb resten av veka.

Har ikkje bestemt seg
— Kva skjer når permisjonen frå jobben i Haugesund er over?
— Det er for tidleg å seie. Eg har berre jobba tre veker på denne måten, så eg må ha litt meir tid på meg før eg bestemmer meg, seier han.
To som verkeleg har følt legestafetten på kroppen, er helsesekretærane Annbjørg Falkeid og Sonja Aarekol frå Sandeid.
Dei sit i resepsjonen og har måtta ta seg av alle klager og spørsmål. For dei har situasjonen dei siste åra vore vanskeleg.
— Eg har telt over, og kome fram til at me har hatt 62 ulike legar på dei siste ni–ti åra, seier Annbjørg Falkeid.
Ho legg ikkje skjul på at situasjonen på legekontoret til tider har vore veldig dårleg.
— Eg veit om fleire som har bytta fastlege, og som heller har reist til ei av nabobygdene til lege. No som me har fått to faste legar, ser eg allereie at den tendensen har snudd, seier ho.

Kjekt å gå på jobb
— Me er veldig glade for at me no har fått eit meir stabilt og trygt arbeidsmiljø. No er det kjekt å gå på jobb igjen, seier Sonja Aarekol.
Til tider har dei opplevd at pasientar har måtta byrje på nokre medisinar ei veke, for så å slutte og starte på noko anna den neste veka, som fylgje av dei mange legebytta.
— Det har vore eit samansurium! Det har vore veldig vanskeleg å følgje pasientar opp skikkeleg, seier Annbjørg Falkeid.
— Det er klart at det vert vanskeleg å få kontinuitet i ei behandling, dersom det er ulike legar som fylgjer opp ein pasient. Men eg vil få fram at ut i frå det eg har sett, har dei legane som har vore innom gjort ein god jobb, trass i korte opphald, seier Andreas Andreassen.
— Kvifor trur de at det har vore såpass mange utskiftingar?
— Eg synest kommunen må ta på seg ein del av ansvaret. Dei har vore veldig seine med å lyse ut ledige stillingar, seier Annbjørg Falkeid.
— Det er ingen hemmeligheit at det er mindre attraktivt å jobbe i utkantane i forhold til i byane, seier Tina Sparchholz.