Ny og moderne skule

— Endeleg er me samla til eitt rike igjen. Me har drive skule i heile […]

— Endeleg er me samla til eitt rike igjen. Me har drive skule i heile bygda ei tid, slår ein nøgd rektor, Morten Odeen, fast.
Det gjenstår ennå ein del flyttesjau og noko handverksarbeid før alle romma er klare til å takast i bruk, men det er ikkje verre enn at dei 138 ungdomsskuleelevane ved Enge skule kunne starte i nye lokale førre onsdag. Kring eitt år har gått med til arbeidet med ungdomsskulen, og ein grunntanke i utforminga av skulen har vore å lage fleksible løysingar. Av det over 2000 kvadratmeter store arealet som ungdomsskulen disponerer, er kring ein fjerdedel nytt påbygg. Resten er rehabilitering av eksisterande bygg.

Fleksible romløysingar

Gjennom smale vindauge på dørene frå korridorane og inn til klasseromma, får me med oss noko av aktiviteten der. Fleire små grupperom er laga til mellom klasseromma, og desse er åtskilt med foldedører.
— Dei gjer det mogleg å innlemme grupperomma i klasseromma dersom det blir behov for meir plass, forklarer Odeen.
I andre etasje er det laga til mediatek. Her er faglitteratur og datamaskinar i ferd med å kome på plass. Det er også bygd nytt natur- og miljørom, som er forma som eit auditorium.
— Det er laga så stort at ein skal kunne ha to skuleklassar inne. Viss undervisninga skal gå føre seg som rein førelesing eller kurs, kan me frigjere lærarkrefter som kan brukast på til dømes prosjektarbeid i staden, seier rektoren.

Betre innemiljø

I kunst- og handverksrommet i første etasje er vegger slått ned, og resultatet er eit 160 kvadratmeter stort rom der ulike aktivitetar kan gå føre seg samstundes. Sløydrommet er framleis for seg sjølv, men det er blitt lysare med fleire nye vindauge.
— Me har nye støvavsug på sløydrommet. Det håpar me vil hjelpe elevar som er plaga med allergi, forklarar rektoren.
Nytt ventilasjonsanlegg på toppen av bygget, og garderobar der elevane skiftar til innesko, er også med på å lage betre innemiljø. Eigne inngangar og garderobar for dei ulike klassetrinna blir sett på som eit mobbeførebyggande tiltak.
Turen går vidare innom det nye skulekjøkkenet, og Odeen viser korleis diskane kan justerast ned for rullestolbrukarar.
— Me har lagt vekt på å legge til rette bygget for funksjonshemma, poengterer han.

God dialog

Rektoren skryt av god dialog med både elevar, lærarar og arkitekten Arne Tveit. Dei ulike behova har blitt høyrt, sjølv om økonomiske rammer har sett grenser for nokon ønskjer.
— Me hadde møte med elevane for å høyre deira ønskjer, og desse viser igjen i den nye kantina og i innkjøp av nye pultar og stolar, fortel Odeen.
— Kantina er blitt hjarta i bygget. Den trur me blir viktig for miljøet og trivselen, legg han til.
Arkitekten har også tatt seg s nemleg avsløre at dei står makteslaus i å hindre at folk mistar jobben og tradisjonsrike industriarbeidsplassar blir rasert.

Spesielt gjeld dette næringsminister Børge Brende som har gått høgt opp på banen, og oppfordra Norske Skog om å tenkje seg om ein gong til og vise samfunnsansvar. Det er overraskande at Høgrestatsråden vil går inn med statlege kroner. Forgjengaren hans Ansgar Gabrielsen blir i tilsvarande situasjonar hugsa for at han sa at verktøykassa var tom.
På tampen av valkampen har pipa fått ein litt annan lyd hos partikollega Brende. Det uklare er om han har tenkt å engasjere seg like sterkt for andre arbeidsplassar og bedrifter der nedlegging er tema. Tusenar av arbeidstakarar i Hydro sine aluminiumsverk på Vestlandet vil gjerne ha tilsvarande engasjement frå ministeren som endå til er aksjemajoritetseigar i Hydro. Aluminiumsprodusenten er i ferd med å vende fleire industrisamfunn ryggen. Hydro går heller inn i metallproduksjon i Quatar, der det er enorme mengde billig gass i eit land som står utanfor Kyoto-avtalen.

Det er all grunn til å ønskje initiativet til næringsministeren velkommen. Men det er høgst usikkert om statlege kroner i kombinasjon med nye private investorar kan hindre at papirfabrikken blir nedlagt. Det er ein merkeleg situasjon at Norske Skog skal drive marknadsregulering og boikotte den frie konkurransen som vanlegvis er honnørord i ein sunn marknadsøkonomi.
Dersom politikarane mislukkast i bergingsforsøket, kan det skape ytterlegare politikarforakt fordi dei dermed avslører kor lite dei har å stille opp mot marknadskreftene. Ei omfordeling av makt i det norske samfunnet som dei sjølve har vore med på å akseptere.