Det reine kulturrushet

Først ut av dei mange kulturattraksjonane var Kvinner på Randen som stod på scena i […]

Først ut av dei mange kulturattraksjonane var Kvinner på Randen som stod på scena i Etne Kulturhus i går kveld. Her var alle billettane reve vekk på førehand.
Førstkomande laurdag vert det latter på Fugl Fønix. Mannen som i fjor vart kåra til Noregs beste stand –up komikar, Christer Torjussen, entrar scena på Fugl Fønix.
— Me har hatt «spionar» ute, og veit at Christer Torjussen tilbyr eit svært morosamt show, seier dagleg leiar ved Fugl Fønix, Asbjørn Moe.
Billettsalet har godt svært bra, og Moe trur det kjem til å bli fullt hus denne kvelden.

Byr på Jakob Sande
Torsdag 8. desember er det klart for Jakob Sande og Jon Eikemo, trur eg… i Etne kulturhus. Førestillinga er den mest sette einmannsførestillinga i Noreg. Jon Eikemo har trekt fulle hus landet rundt og har hausta terningkast seks i landets største aviser. I samband med førestillinga i Etne Kulturhus, byr Fugl Fønix på ein spesialmeny til teaterpublikummet og utvida opningstider.
For det litt yngre publikummet er konserten med Briskeby fredag 9. desember julemånadens store høgdepunkt.
— Briskeby likte seg svært godt i Etne sist gong dei spela. Bandet var ikkje vonde å be no som det passa godt for begge partar med eit nytt besøk, seier Asbjørn Moe ved Fugl Fønix.

Lovar meir
Stoppen i Etne er ein del av Briskeby sin noregsturné. I haust gav bandet ut plata «Jumping on cars», som har fått mykje god omtale.
Fugl Fønix lovar fleire høgdepunkt tett oppunder jul, og i romjula.
— 17. desember vert det eit nytt talkshow med Raffen og spesielt inviterte gjester. 2. juledag skal Tucos Lounge ha konsert. Fjerde juledag vert det stort party i kjellaren. Den kvelden er det Hector Vestbø som skal vera DJ. Det opplegget har me hatt omlag ein gong i månaden sidan april, og er noko me har hatt stor suksess med. Det vert truleg og eit utkledningstema den kvelden, seier Asbjørn Moe.