Dobbel dose i ny festival

Fugl Fønix har skrinlagd dei store utekonsertane under Etnemarknaden og går tilbake til eit meir […]

Fugl Fønix har skrinlagd dei store utekonsertane under Etnemarknaden og går tilbake til eit meir intimt format med musikk i klubben og revy i «Svingen».
— Det blir ein interessant kombinasjon med både konsert og revy alle tre dagane, fortel Stig Morten Sørheim i Kulturlokomotivet.

Plateaktuell Larsen
Nesten alle brikkene er på plass, og Marit Larsen er kanskje det fremste trekkplasteret på musikkfronten i festivalen. Den eine halvparten i tidlegare M2M står på eigne bein etter at samarbeidet med Marion Ravn havarerte for etter kvart ganske lenge sidan. Men no er Larsen plateaktuell med solodebuten «Under the surface», og singelen slo godt an på diverse musikklister.
— Ho stod høgt oppe på ønskelista vår. Larsen har med seg eit friskt band og skal spele på 25 festivalar framover. Men Etne blir den einaste konserten på våre kantar, fortel Sørheim.
I bandet har ho med medlemmer frå både BigBang og Jaga Jazzist, og saman serverer dei folkinspirerte poplåtar.

«Kvinner på landet»
Nye heltar på plakaten er Haugesund Pop Ensemble som lanserer ny plate rett etter påske. På dialekt, og Stig Morten Sørheim hiv seg på haugesundsbølgja. Eit tredje band blir klart etter påske.
Kultur i ei litt anna gate blir det når Kulturlokomotivet presenterer sommarrevy under festivalen. Den har fått tittelen «Kvinner på landet», og Astrid E. Hjelmeland og Elen Merete Hetleflot står i spissen for det nye innslaget med revy i den varme årstida.
— Vi håpar det blir ein ny tradisjon. Det blir humor om lokale ting, og fenomen som verserer i mediebildet. Vi har arbeidd ei stund med å få teater inn i Fønix, og no blir det altså revy, seier Sørheim.

Under tak
Festival Fønix har eit litt krympa budsjett samanlikna med fjoråret. Men så regna også festivalen delvis vekk i fjor. I følgje Sørheim er det fornuftig å flytte festivalen frå helga under Etnemarknaden og til inngangen av feriemånaden.
— Under Etnemarknaden er det fullt køyr uansett for hotellet. Ved å flytte festivalen får ein utnytte hotellet betre enn med ein festival parallelt, seier Sørheim.
Det er ikkje skrinlagt med utekonsertar på Festival Fønix, men med erfaringa i fjor i bagasjen vil dei ha det litt tryggare enn den usikre sporten det er å håpe på godt vêr på Vestlandet. Det kostar også litt ekstra å rigge utekonsert, og med eit krympa budsjett er flytting innandørs ein plass å kutte kroner. Men kapasiteten blir sjølvsagt mindre.
Når festivalen er lagt til første helga i juli, er det også starten på ein hektisk periode med Skånevik bluesfestival og Vikedal Roots Music festival helgene deretter.