Levande interesserte

Gjennomsnittsalderen var høg på forteljebussturen fredag, men dei tre 11-åringane blei likevel med. — Me […]

Gjennomsnittsalderen var høg på forteljebussturen fredag, men dei tre 11-åringane blei likevel med.
— Me synest det er spennande. Me lærer masse me ikkje veit frå før, seier Stina Golf Robberstad om kvifor dei er med på forteljebussturen.
Ho var saman med veninnene Amalie Kaldheim og Margit Flatebø.
— Det høyrest kjekt ut og høyra på peikepinn på oppmøtet rundt marknaden kontra sist år. I fjor stilte 12-13 kassabilar til start, i år var det berre fem. Det var lite som minna om ein haustmarknad i Ølen på laurdag. Det førehandsomtalte torget, som skulle opna klokka ti, var det mange som leita etter. Publikum som ville handla på torget, måtte snu.
— Skal dette liksom vera ein marknad?, var det fleire som spurde. Mange trudde dei hadde sett feil på programmet og valt feil dag.
Og arrangørane tar sjølvkritikk.
— Me har ein del å jobba med. At det ikkje vart noko torg utanom vaffelsteiking og sal av bakt potet, er for dårleg, seier Birgithe Klungland i Ølen Forum.
Godt besøk på galleri
I Bjarnes Hus var det opning av kunstutstillinga til Hanna von der Lippe.
— Me har hatt godt besøk, og mange falt pladask for kunsten til Hanna, sa ein godt nøgd Bjarne Krohn Lie.
Innehavar av Hans og Grete, Anne Aasheim Stople, var òg godt nøgd, og hadde langt fleire kundar enn på ein gjennomsnittleg laurdag. Også på Baronen Pub hadde dei nok å henge fingrane i. På trylleshowet var det mykje ungar som storkoste seg.